Fredag kveld er det kalla inn til eit folkemøte i ungdomshuset på Eknes, om prestesaka på Ostereidet. Det har vore mykje strid rundt denne saka, med lesarbrev og utspel både for og mot sokneprest Vilhelm Overå.
Spliden har ikkje vorte mindre etter at sokneprest i Gulen, Jens Linde, er henta inn i halv stilling på Ostereidet. Etter det Strilen kjenner til, ønskjer initiativtakarane bak møtet ein diskusjon om kva bygda skal gjera for å komma seg vidare.
[01.09.10 18:21]Statens Vegvesen vurderer å setja ned fartsgrensa på strekninga mellom Dale og Tveit i Meland. I dag er det ikkje skilta fartsgrense på staden, dermed er det den generelle fartsgrensa på 80 km/t som gjeld.
Vegen er smal og til dels svingete, med spreidd til tett busetnad. Difor vurderer vegvesenet om fartsgrensa bør setjast ned til 50 km/t. I eit brev til Meland kommune kjem det fram at mesteparten av fylkesveg 244 frå Frekhaug til Fløksand tidlegare har fått fastsett fartsgrensa til 50 km/t.
Strekninga mellom Dale og Tveit er knappe 3 kilometer lang. – Vegen er berre strekningsvis dimensjonert for høg fart og den varierande standarden kan føra til ulukker. Saka er ute på høyring i desse dagar.
[01.09.10 18:20]AUSTRHEIM: Skjenkekontrollen avdekka at fem mindreårige drakk alkohol under Havcamp-arrangementet ved Austrheim samfunnshus laurdag 14. august.
Av rapporten frå skjenkekontrollørane går det fram at dei gjennom stikkprøvekontroll fann fram til fem mindreårige som drakk alkohol, høvesvis øl og cider. Ingen av dei fem kunne visa gyldig legitimasjon, og to av dei sa at dei var sytten år gamle.
Arrangørane hadde lagt opp til at arealet skulle vera ope for både mindreårige og dei vaksne, men at skjenking av alkohol skulle vera avhengig av om folk hadde eit kvitt eller raudt band rundt handleddet. Kontrollørane skriv i sin rapport at det er særs vanskeleg å kontrollera dette når mindreårige har tilgang til skjenkearealet.
I alt var det kring 850 gjester i og ved samfunnshuset då kontrollørane var på staden. Konklusjonen til kontrollørane er at arrangørane ikkje kan klara å kontrollera skjenkinga med denne organiseringa.
[01.09.10 18:19]LINDÅS: Marie Edvardsdal Holmaas (Jenter 14) frå Aks-77 var aller raskast på 1500 meter under NCC-leikane på Osterøy i helga. Holmaas sprang på 5,07,96, noko som gjev 922 poeng på Tyrving-tabellen.
NCC-leikane er eit slags NM for 13- og 14-åringar, og vert arrangert tre stader i landet same helga. Om ein ser på listene for konkurransen på Osterøy saman med listene for Lillestrøm og Stjørdal, ser ein at Holmaas var tredje best i sin klasse, av i alt 35 deltakarar.
Marie Edvardsdal Holmaas sprang også 600 meter på Osterøy, der vart ho nummer fem med tida 1,47,79, det gjev 813 poeng etter Tyrving-tabellen.
[31.08.10 14:07]LINDÅS: Ein mann i slutten av førtiåra må truleg klara seg utan førarkort ei god stund etter at han natt til søndag i totida vart stoppa av politiet på Lindås mistenkt for kjøring i påverka tilstand. Mannen vart teken blodprøve av.
[31.08.10 14:05]LINDÅS: Politiet skulle gjerne hatt tak i den eller dei som fjerna eit brannslukkingsapparat frå Lyngfjelltunnelen natt til søndag.
– Når slikt skjer, går alarmen og politi og brannvesen må ut og kontrollera kvifor. Dessutan må tunnelen stengjast under kontrollen, seier lensmann Einar Vatne ved Nordhordland lensmannsdistrikt.
[31.08.10 14:06]RADØY: Ein sølvfarga moped av typen Atlantis 50E2 med registreringsnummer TF 8403, vart stolen frå Nordbø i Bøvågen ein gong mellom laurdag og søndag.
– Dersom folk ser han, vil me gjerne ha melding om det, seier lensmann Einar Vatne ved Nordhordland lensmannsdistrikt.
[30.08.10 11:21]LINDÅS: Fredag fekk politiet melding om ein kar på Litleskare som var ute og kjørte med ein uregistrert bil.
Mannen skal rett nok ha kjørt med pappskilt, men det gjorde ikkje heilt same nytten, meinte politiet. Mannen hadde heller ikkje førarkort, så han vil få si straff, fortel lensmann Einar Vatne ved Nordhordland lensmannsdistrikt.
Ein lokal 40-åring mista førarkortet og 18 andre bilførarar fekk forenkla førelegg under fire trafikkontrollar i lokale 60-soner i helga
Mannen som mista førarkortet vart teken i 90 kilometer i timen på Holme. Dei andre vart tekne på Sletta, i Alversund og på Lauvås.
[30.08.10 11:16]Folk kjem seg verken til eller frå Fedje etter klokka 22. Det vil politikarane på øya ha ei endring på.
Siste ferjeavgang frå Fedje er no 21.20 og siste frå Sævrøy 21.55.
Dette håpar politikarane på Fedje å få ei endring på, og difor vedtok formannskapet i sist møte etter framlegg frå Else Færøy (H) at ein skal prøva å få forhandlingar med Tide om ein seinare avgang.
Det er særleg omsynet til dei som jobbar skift, at dei kan koma seg heim om kvelden, som er bakgrunn for ønsket, seier ordførar Kristin Handeland (Ap) til Strilen.
[28.08.10 15:08]AUSTRHEIM: Ein gut sykla på ein buss i Mastrevik-krysset torsdag kveld, melder politiet.
Politiet fekk meldinga klokka 1857, seier lensmann Einar Vatne ved Nordhordland lensmannsdistrikt.
Guten skal ikkje ha vorte skada i samanstøyten, men var uansett innom lege for sjekk, melder politiet.
MODALEN: Kommunestyret har godkjent ei investeringsramme på 5.880.000 kroner for å byggja fiber fram til alle bustader i Modalen.
Alle bustader med fast busetnad i Mostraumen skal og omfattast av prosjektet. Kommunestyret har gjeve rådmannen fullmakt til å inngå kontrakt om bygging av fibernettet.
Finansieringa vert ordna både over ordinært investeringsbudsjett og frå kommunale fond.
[26.08.10 12:02]