Strilen / Nyheter / Kortnytt / For mange stemmer
Brukernavn 
Passord 
 

For mange stemmer

Del | |

Kreative PC-brukarar har gjort at nokre av kandidatane til Nordhordlands beste spisestad har fått for mange stemmer.

Publisert 26.01.11 10:11
Endret 26.01.11 10:08

Avstemminga er lagt opp slik at ein berre kan gje ei stemme pr ip-adresse (internett-tilknyting). Om ein er datakyndig nok, viser det seg at ein kan lura seg forbi denne sperra og stemma så mange gonger ein orkar. Det er det nokon som har gjort.

Nettsideleverandøren vår har no sletta dei stemmene som har kome frå ein slik manøver, og berre halde på den sist avgjevne stemma.

Dette har gjeve størst utslag for Pernillekafeen og Lindås Brygge.

Pernillekafeen er framleis i leiinga med Lindås Brygge eit stykke bak, men begge med monaleg færre stemmer enn for ein dag sidan.

Me håpar avstemminga i alle fall vil gje eit inntrykk av lesarane si meining.

Avstemminga stenger ved midnatt fredag 28. januar.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Hipp hipp hipp hurra!

Hipp hipp hipp hurra!

Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

    MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

      Meland veks fortast

      Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

        Hamstra brød i Knarvik

        Hamstra brød i Knarvik

        Bøndene har ingen planar om å ta frå oss vårt daglege brød. Berre litt av det.

          Foten ned for full utbygging

          Foten ned for full utbygging

          AUSTRHEIM: Dersom planar om bustadfelt på Solesjøen skal få grønt lys, må utbyggjaren redusera talet på bustader kraftig.

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Vil du vera reiseleiar i sommar?

            Er du reiselysten og samstundes interessert i å jobba med born? Då kan du få hjelpa Astrid, Mille, Sander og Eilif med å få oppleva sitt livs eventyr i sommar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler