Strilen / Nyheter / Kortnytt / Meland-møte om idrettsanlegg
Brukernavn 
Passord 
 

Meland-møte om idrettsanlegg

Meland idrettsråd har teke initiativ til eit temamøte måndag kor det skal snakkast om drifting og vedlikehald av idrettsanlegg.

Publisert 19.02.10 17:37
Endret 19.02.10 17:34

Her vil det spesielt verta sett fokus på den såkalla «Askøy-modellen» som kort går ut på at kommunen har oppretta eit eige kommunalt føretak som planlegg, byggjer, driftar og held vedlike alle nærmiljø- og idrettsanlegg i kommunen. Finansieringa av føretaket er fordelt på kommunen og idrettslaga.
Meland idrettsråd har difor invitert personar som har stått sentralt i prosessen med å utvikla Askøy-modellen. Dei som vil delta frå Askøy er Geirulf Mikkelsen som er dagleg leiar av Askøyhallene, og Sverre Jokstad som er rådgjevar for idrett og nærmiljøanlegg. Desse to vil gjera greie for korleis modellen verkar.
På møtet vil organisasjonssjefen i Hordaland Idrettskrets, Knut Songve, og nestleiaren i krinsen, Helge Johnsen, delta og gje innspel.
Leiaren i Meland idrettsråd, Bjørn Tore Hesjedal, seier at han håper på ein god og konstruktiv diskusjon. Han ønskjer lokalpolitikarar, folk frå kommuneadministrasjonen, idrettsleiarar, foreldre og utøvarar hjarteleg velkomne.
Meland kommune har ikkje ein einsarta driftingsmodell for slike anlegg. Nokre av dei er i privat eige, medan nokre er kommunalt eigd.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler