Strilen / Nyheter / Kortnytt / Stadig færre vil driva kvalfangst
Brukernavn 
Passord 
 

Stadig færre vil driva kvalfangst

Del | |

Talet på båtar som deltek i den norske kvalfangsten etter vågekval, går stadig nedover. Frå 2000 til 2011 har talet på båtar gått ned frå 33 til 19.

Publisert 26.01.12 10:49
Endret 26.01.12 10:49

Nedgangen er så stor at Fiskeridirektoratet er uroleg, men dei påpeikar at det er næringa sjølv som må arbeida for å styrkja rekrutteringa. Direktoratet har no laga eit høyringsnotat med forslag til forskrift om deltaking og regulering av fangsten etter vågekval i 2012. Høyringsfristen er sett til 29. februar.

Lenge var to båtar på Fedje med i vågekvalfangsten, som føregår frå Nordsjøen til Barentshavet. Men dei siste åra er det berre «Olavsson» som har vore med. For nokre år sidan hadde dei også planar om å gje seg, men ombestemte seg.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

    – Spesielt å stå på toppen

    – Spesielt å stå på toppen

    Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

      Lindås-Bør bør opplevast

      Lindås-Bør bør opplevast

      Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

        Hipp hipp hipp hurra!

        Hipp hipp hipp hurra!

        Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

          «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

          «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

          MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

            Meland veks fortast

            Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler