Strilen / Nyheter / Kortnytt / Stal alt han kom over
Brukernavn 
Passord 
 

Stal alt han kom over

Ein tjueåring som no har fast adresse i Bergen Fengsel, er i Nordhordland tingrett dømt til fengsel i eitt år og fem månader for ei rekkje innbrot mellom anna i Nordhordland.

Publisert 25.08.10 16:45
Endret 25.08.10 16:41

Fire månader av straffa er på vilkår, og mannen har alt vore varetekstsfengsla i over ein månad, slik at straffa som skal sonast er eitt år.

Det omfattande siktinga, som mannen i det store og heile har sagt seg skuldig i, dekker nokre korte periodar i mai, juni og juli 2010.

Det er mellom anna tale om hytteraid, med innbrot i hytter i Meland, Radøy, Lindås, Austrheim og fleire andre kommunar, både i Bergensområdet og lengre vekke. I alt er det tale om innbrot og tjuveri frå tjue hytter og båtar.

Det er også tale om innbrot i ytterlegare åtte hytter eller båtar, men her fann ikkje mannen og hans kompanjongar noko å stela. Mannen har også stole ein bil og fleire båtar.

Bilturen vart stoppa av politiet medan båtane vart brukte til turar på kryss og tvers i Nordhordland og Øygarden. Dette er den femte dommen tjueåringen har fått.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler