Strilen / Nyheter / Kortnytt / Takkar Sakshaug med konsert
Brukernavn 
Passord 
 

Takkar Sakshaug med konsert

Avtroppande organist Arvid Sakseide skal berre sitja i ro og lytta på ein konsert i Meland-kyrkja førstkommande fredag. Det vert nok uvant.

Publisert 24.08.10 11:09
Endret 24.08.10 11:03

– Det vert nok litt uvant for han med eit arrangement der han ikkje har nokon oppgåver! seier pensjonert prest Ingvard Hageberg om takkekonserten for Sakseide i Meland-kyrkja fredag.
Der stiller mange opp for å takka Sakseide for 34 års innsats som organist. Hageberg har fått ansvaret for konserten i lag med Øystein Blom, Arnt Brakstad og Sølvi Knutsen, som står for opplegget på vegner av Meland sokneråd.
– Det vert eit spennande arrangement i samarbeid med Kystsogevekene på Holme dagen etter. Me låner partytelt derifrå og dekkar bord inni. Difor håpar me at veret vert nokolunde, seier Hageberg.
På konserten stiller mange av utøvarane som Sakseide har samarbeidd med gjennom åra:
Magnar Mangersnes, Alversund kammerkor, Linda Røyseth Sandhåland, Kjersti Fluge, Haakon Aase, Melano Jazzband, Johannes Lyngset, Gillian Gjelsvik, Stein Flataker, Nina Brakstad og Scala.
– Me håpar mange vil koma å få med seg konserten. Håpet er at billettinntekter og sponsing dekkar utgiftene. I telta etter konserten byr me blant anna på rømmegraut, som me har bestilt inn til 150 menneske. Og dei som ikkje likar det, skal me traktera med pølse, opplyser Hageberg.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Ny ørkenvandring for Knarvik-kyrkja

Ny ørkenvandring for Knarvik-kyrkja

LINDÅS: Kommunestyret utset bygging av ny kyrkje i Knarvik.

    Politi på fisketur

    Politi på fisketur

    Storfangst i Hagelsundet i dag.

      Må fjerna fire tiltak eller få bot

      Må fjerna fire tiltak eller få bot

      Ein grunneigar på Eikanger må fjerna fleire tiltak i strand­sona, elles vert det eingongsbot og dag­mulkt, har Fylkes­mannen avgjort.

        Hard kamp om ingeniørane

        Hard kamp om ingeniørane

        Det er for tida ein hard kamp om å trekkja til seg ingeniørar, kom det fram då Næringsbarometeret for Hordaland vart presentert tysdag.

          Pengedryss til  gode føremål

          Pengedryss til gode føremål

          Frivillige lag bør kvessa pennen, no er det tid for å søka om støtte!

            Dødsulukke i Hjelmåstunnelen

            Dødsulukke i Hjelmåstunnelen

            Ein person omkom og to vart alvorleg skadde i ei trafikkulukke på Hjelmås tysdag. Politiet mistenkjer at føraren av den eine bilen var rusa.

              Siste kortnytt

              Mest lest

              Eldre artikler