Krev svar etter NRK-oppslag om brenning
GULEN: Både Alexela og Wergeland-Halsvik må forklara seg etter brenning av Sløvåg-avfall.
Endret 01.03.10 18:53
– Dei to bedriftene er bedne om å gje ei forklaring innan tysdag, seier seksjonssjef Bjørn Bjørnstad i Klima- og forureiningsdirektoratet (KLIF), tidlegare SFT.
Bjørnstad viser til oppslag i NRK om at Wergeland-Halsvik skal ha brent avfall frå Alexela som skulle til destruksjon i Tyskland.
– KLIF er ikkje kjent med at Wergeland har mottatt avfall frå Alexela i vinter. Men samtidig har Wergeland løyve til å ta imot og brenna farleg avfall. Brenning kan vera den miljømessig beste løysinga, men me hadde venta å verta orienterte om det skulle skje brenning i staden for transport til Tyskland, seier Bjørnstad.
Ordføraren avventar
Også Gulen-ordføraren krev svar etter at Wergeland-Halsvik har brent kring 60 tonn oljeavfall.
– Eg bad fredag KLIF kontrollera om Wergeland-Halsvik hadde løyve til å brenna avfallet. Så langt har ikkje kommunelege 1 fått melding om helseplager som kan knytast opp mot brenninga, seier ordførar Trude Brosvik.
Det vert stadfesta av kommunelege I Tommy Normann:
– Om andre legar er kontakta, veit eg ikkje. Etter at NRK gjekk ut med påstand om sjukemeldingar, har eg kontakta Yrkesmedisinsk Institutt ved Haukeland Universitetssjukehus og bede dei vurdera å undersøkja. Dei har ansvaret for helseundersøkinga etter Vest Tank-ulukka, seier Normann.
«Stemmer ikkje»
«For tre veker sidan vart det sendt ut pressemelding om at alt resterande oljeavfall på Alexela Sløvåg sine tankar var sendt ut av landet med tankbåt. Men det stemmer ikkje», skriv NRK Sogn og Fjordane på si nettside.
– Me får berre sjå kva forklaring dei to bedriftene kjem med. Når det gjeld avfallet som Alexela skulle senda til Tyskland, var det eksportlisens på det. Kor mykje avfall som er sendt, vil me få opplysningar om via tyske styresmakter, seier seksjonsleiar Bjørnstad i KLIF.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






