Strilen / Nyheter / KrF-topp utfordrar vestlandsveljarar
Brukernavn 
Passord 
 
KrF-topp utfordrar vestlandsveljarar

KrF-topp utfordrar vestlandsveljarar

Ein sentral KrF-politikar er for homofile ekteskap, og vil ha ein ny Israel-politikk. Det kan skada partiet i høve til veljargrupper på Vestlandet, trur Pål Kårbø.

Publisert 02.02.10 15:41
Endret 02.02.10 15:40

Andre nestleiar Inger Lise Hansen i Kristeleg Folkeparti har kome med eit utspel som går heilt på tvers av partiprogrammet.

– Eg er ganske viss på at oppfatningane til Hansen fekk mange av våre veljarar langs vestlandskysten til å hoppa i stolane. Det er slett ikkje bra at folk i partileiinga går ut på denne måten i spørsmål som er vanskelege for partiet, seier Pål Kårbø frå Meland. Han er tidlegare vararepresentant til Stortinget og partiet sin gruppeleiar i Hordaland fylkesting.

Strategimøte
Kårbø var til stades på eit strategimøte som Kristeleg Folkeparti heldt denne helga i Stavanger, og medan møtet gjekk sin gang, uttalte nestleiar Inger Lise Hansen seg til TV2 på ein måte som er eigna til å sjokkera mange KrF-veljarar.

Hansen vil ha ei såkalla kristendemokratisk modernisering av partiet. Mellom anna ønskjer ho ein ny Israel-politikk i KrF, og ho vil at partiet skal opna seg for homofile ekteskap.

Ikkje KrF-politiikk
– Eg opplevde det som frustrerande at Inger Lise Hansen gjekk ut med desse tinga, utanfor møtet der ho deltok. Ho skulle heller ha sagt sitt frå talarstolen, blant oss. Min kritikk av henne i denne samanhengen handlar ikkje om å vera samd eller usamd, men på sjølve prosessen. Like fullt vil eg vera tydeleg på at utsegna til Hansen ikkje er partiet sin politikk.

Kårbø har overfor TV2 kritisert handlemåten til partiet sin nestleiar, og seier at han etterpå har fått mange gode tilbakemeldingar.

Han påpeikar at programperioden til eit politisk parti følgjer stortingsperiodane. Ein omfattande debatt om nytt program må retta seg mot den neste perioden som byrjar i 2013, og difor høver det dårleg å setja i gang no.

– Sjølvsagt må me kunna diskutera og vera ueinige, men det vert feil når ein nestleiar stiller seg framfor TV-kamera medan me andre sit i møtesalen.

Vanskelege punkt
Kårbø presiserer at partiprogramma vert vedtekne av landsmøtet, og her skal det gå føre seg ein reell programdebatt. Inger Lise Hansen tek borti fleire programpunkt som er vanskelege internt i partiet.

– Hansen vil endra på programformuleringar som eg veit er viktige for mange av veljarane i Hordaland. Det dumme med utspelet til Inger Lise Hansen er at ho og eg sannsynlegvis er samde om 97 prosent av programmet. No risikerer me å bruka masse energi på dei resterande tre prosentane av politikken.

Aust-vest dimensjon
Inger Lise Hansen er frå Vestfold, og Kårbø ser ikkje bort frå at det i samband med denne saka herskar ein aust-vest dimensjon. Kristeleg Folkeparti har ein stor veljarskare langs kystlinja frå Aust-Agder til Møre og Romsdal, og hentar rundt 70 prosent av stemmene i dette området. Mykje av dette fotfolket har ein del verdiar ein ikkje skal klussa med.

– Uansett er ingen i partiet tente med ein debatt som vil handla om både leiarskap og splitting i høve til vanskelege tema i ei tid då partiet har dårleg oppslutning. Når ein er i vanskar, er det viktig å kunna samla seg i botn, og det må me kunna klara også i Kristeleg Folkeparti. Det er iallfall mitt ønskje, seier Pål Kårbø.

FRUSTRERT: Pål Kårbø som representerer Hordaland KrF, kritiserer Inger Lise Hansen for handlemåten hennar. Utspelet om Israel, og om homofile ekteskap vekkjer frustrasjon hjå han. FRUSTRERT: Pål Kårbø som representerer Hordaland KrF, kritiserer Inger Lise Hansen for handlemåten hennar. Utspelet om Israel, og om homofile ekteskap vekkjer frustrasjon hjå han.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Brua er på plass

Brua er på plass

GULEN: Brua over Brandangersundet er løfta på plass.

    Rockefest i Austrheim

    Rockefest i Austrheim

    Laurdag 11. september vert det rockekonsert for alle i Austrheimhallen.

      Mindre hytteavfall, men framleis ofte overfullt

      Mindre hytteavfall, men framleis ofte overfullt

      Avfall frå andre enn hyttebrukarane fyller opp konteinarane.?

        Riisnes går  til filmen

        Riisnes går til filmen

        MASFJORDEN: Erik A. Riisnes vert å sjå i NRK Fjernsynet neste år.

          Tanita i X Factor

          Tanita i X Factor

          LINDÅS: Fredag kan du kanskje sjå Tanita Kolås frå Seim i ­talentkonkurransen X Factor på TV 2. (Foto: Øyvind Ganesh Eknes)

            BBC filma på Fedje

            BBC filma på Fedje

            – Nordsjøen er like viktig for Storbritannia, som den er for Noreg. Me er verdsborgarar og naboen sitt problem kan fort bli ditt, seier BBC-reporter Roderick Munro. I framgrunnen kaptein Oddvar Nilsen Husa på «Olavson» som tok filmteamet ut på staden der U-864 ligg senka.

              Siste kortnytt

              Mest lest

              Eldre artikler

              På forsiden nå