Strilen / Nyheter / Kritisk til trafikksikringplan
Brukernavn 
Passord 
 
Kritisk til trafikksikringplan

Kritisk til trafikksikringplan

Ein fylkesplan for trafikksikring får nærmast det glatte lag av Lindås kommune, som har fleire ulukkesutsette vegstreningar.

Publisert 11.08.10 18:09
Endret 11.08.10 18:08

Lindås sitt krav må verta at planen vert meir konkret når det gjeld fordeling av midlar til fysiske tiltak, meiner rådmannen.

Frå 2010-2013
Planen som gjeld 2010-2013 skal til uttale i Plan- og miljøutvalet i Lindås 18. august. Rådmannen tilrår at handlingsplanen må innehalda konkrete tiltak basert på kommunane sine eigne planar.
Frå Lindås kommune vert det peika på at planen berre inneheld ein generell pott med pengar som fordelast kvart år i eit planleggings- og byggjeprogram. Det verkar rart når kvar kommune har sine eigne trafikksikringsplanar med konkrete tiltak.

Mange ulukkestreknngar
Lindås-rådmannen peikar på at kommunen har fleire høgt belasta ulukkesstrekningar. Det kjem og fram i fylkesplanen, og forklaringa er naturleg nok av at E39 går mange mil gjennom kommunen, samt at ein har fylkesveg 57 som gjennomgangsveg og hovudveg mellom Bergen og Mongstad.
Tala viser at kommunar utan gjennomgangsvegar har mindre ulukker.

­– Prioriter Knarvik-Mongstad
Lindås ber heilt konkret om at fylkesveg 57 mellom Knarvik og Mongstad må få midlar som kan redusera talet på skadde og drepne. Med så mange skadde og drepne som tala viser for Lindås, må dette medføra at kommunen vert sterkt representert i fylket sin trafikksikringsplan, er kravet frå rådmannen.
Dersom fylket seier nei til å ta tiltak frå kommunane sine planar inn i fylkesplanen, er kravet frå rådmannen i Lindås at fylket let kommunane få ei meir aktiv rolle når dei årlege tiltaka vert fastsette.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler