Lakselus skremmer
Kaspar Løtvedt Kirkeli (16) fekk nyleg åtte sjøaurar i Osen på Storelva på Vabø, alle med lakselus.
Endret 23.07.10 17:10
Eg har fått fisk med lakselus før og, men då har det vore ein eller to. På den fisken som eg fekk denne gongen, hadde alle mange lus, og den som hadde flest, hadde 18, fortel Kaspar Løtvedt Kirkeli til Strilen.
Han tykkjer det er skremmande at det er så mykje lus på fisken, og han meiner det har samanheng med eit fiskeoppdrett som har kome ute i Fensfjorden, ikkje så langt frå Vabø.
Får plager
Familien til Kaspar har hytte på Lindneset, på austsida av vågen som går inn til Vabø. Sidan han har vore andre stader på ferie i sommar, var det først i førre veke han prøvde fiskelukka i Storelva, som kjem ned frå Natås og renn ut inst i vågen på Vabø. Då fekk han altså åtte sjøaurar mellom 1,5 og 0,5 kilo.
– Du såg på fisken at han var plaga av lusa. Fleire hadde sår der lusa sat, og andre hadde fått deler av finnane oppetne, fortel Kaspar.
Ein kunne også sjå at fisken hadde lus på måten han hoppa på, meiner Kaspar.
– Han hoppa for å få av seg lusa, seier han.
Vert sjuk
Sjøauren går opp i Storelva for å gyta, men og for å verta kvitt lusa, for ho toler ikkje ferskvatn.
– Men sjølv om lusa forsvinn, kan fisken dauda. Det går sopp i såra som lusa har laga, forklarar den fiskeinteresserte 16-åringen.
Difor fryktar han for aurestamma i Storelva, som tidlegare var rekna for å vera ei svært god fiskeelv.
Også andre
Kaspar Løtvedt Kirkeli fortel at det ikkje berre er han som har fått fisk med lakselus. Også andre han har snakka med, har fortalt at dei finn mykje lus på fisken i år.
Les heile saka i Strilen si papiravis laurdag.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






