Strilen / Nyheter / Langeland Gård fekk byggeskikkpris
Brukernavn 
Passord 
 
Langeland Gård fekk byggeskikkpris

Langeland Gård fekk byggeskikkpris

Del | |

Bygnings- og Bumiljøprisen for 2010 er tildelt Langeland Gård på Frekhaug.

Publisert 01.12.10 17:46
Endret 01.12.10 17:46

– Dette var utruleg kjekt, sa utbyggjar Frank Rune Dale då ha tok imot prisen på Nordhordland Rotaryklubb sitt siste medlemsmøte I Knarvik måndag.

Prisen vart i år delt ut delt ut for 6. gong, etter at den første prisen gjekk til tunet til Rune Tjore og familien, på Radøy, i 1993. Den siste prisen gjekk til Modalen kommune for Bryggjeslottet og vart delt ut i 2007.

I mellomtida har prisen gått til Kålås og Sønn for tunløysinga i Nordgardshaugen på Frekhaug, til Radøy kommune for pumpehus i gråstein på Manger og til tunet til Agnar og Anders Konglevoll på Hundvin.
 
Åtte i finalen
Juryen hadde i år funne fram til mange sterke kandidatar, og åtte nådde fram til ein finalerunde. Dei sju som ikkje nådde heilt til topps, får likevel heiderleg omtale:

• Rosenlund på Lindås (tidlegare sanitetshuset) for svært god restaurering.
• Nomaco på Mongstad, som eit føredøme for andre industribygg.
• Reiarlaget Myklebusthaug sitt bygg i Austrheim, ei smakfull og dristiig utforming tett ved sjøen.
• Knarvik gravplass for god landskapstilpassing.
• Knarvik barnehage, Knarvik aust, for god og moderne utforming.
• Tilbygg Knarvik vidaregåande skule, for god tilpassing til den eldste delen.
• Smia til Peder Dale på Frekhaug, godt terrengtilpassa i eit moderne bustadfelt.

Med i juryen i år har vore Solveig Vabø, bondelaga, Svein M. Nordvik, Industrilaget, Kjell Mellingen, rotaryklubben, Elin Styve, dagleg leiar i Regionrådet og redaktør Hans E. Storheim, Strilen.
 
Godt tatt imot
Frank Rune Dale var tydeleg glad for å ta imot årets pris, eit maleri av delar av Langeland Gård, i tillegg til diplom. Maleriet er laga av Meland-kunstnaren Kristine Sudmann, som og laga motivet av Bryggjeslottet for tre år sidan.

Mange har hatt spennande prosjekt, men ikkje alle har prosjekt som nesten har tatt livet av ein! sa Dale, for tida sjukemeldt, men så glad for prisen at utdelinga måtte han ha med seg.
Dale har sjølv lagt ned ein imponerande eigeninnsats i utbygginga, blant anna å leggja opp alle gråsteinsmurane, eit av momenta juryen la vekt på.

Juryen gav Langeland Gård prisen som eit nytt bustadmiljø i ein moderne og dristig stil me god tilpassing til terrenget. Det vert lagt vekt på at utbyggjaren har fått til ein tiltalande kombinasjon av gråstein, glas og tre.

Responsen frå dei frammøte var eit tydeleg teikn på at juryen hadde gjort eit val svært mange applauderte.

Vanskeleg kombinasjon
Langeland Gård består av 10 einebustader, tre tomannsbustader og åtte bustader i ei leilegheitsblokk heilt oppe i skråninga.

– Det vart lagt ned eit stort arbeid i planlegging. Eg ønskte både tradisjon og ein moderne stil – som er ein bortimot umogleg kombinasjon, sa Dale.

Han viste vidare til at det vart lagt vekt på minst moglge inngrep i det bratte terrenget. Til dømes svingar vegen seg oppover, og er heller lagt ut enn å skyta seg inn. Likeeins er bustadeiningane «sett forsiktig ned på terrenget», men likevel med gode nok uteplassar.

Alle einingane har torv på taket, blant anna for å ikkje stikka seg ut for dei som ligg ovanfor.
   
Fekk klapp frå kommunen
Blant spørsmåla frå salen var korleis prosjektet vart tatt mot av kommunen.

– Dei har heile tida vore fantastisk positive, og me fekk klapp frå kommunetsyret då planane vart presenterte, opplyste Frank Rune Dale.

Bustadene har sett prisrekord i Meland, så dette vart var naturleg nok også eit tema salen tok opp.

– Dei første einebustadene kom på kring 3,5 millionar kroner. Det vil ein ikkje klara i dag. Ein vanleg utbyggjar ville nok neppe gjennomført eit slikt prosjekt, sa Dale.

Men han viste til at det hadde vore nok interessentar til å betala for den kvaliteten ein hadde satsa på. Blant bebuarane er også barnefamiliar, og den eine uselde leilegheita er for tida utleigd fram til sommaren.
På eit par ledige tomter er det no på trappene å byggja einebustader i same stil som resten av feltet.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

    – Spesielt å stå på toppen

    – Spesielt å stå på toppen

    Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

      Lindås-Bør bør opplevast

      Lindås-Bør bør opplevast

      Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

        Hipp hipp hipp hurra!

        Hipp hipp hipp hurra!

        Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

          «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

          «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

          MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

            Meland veks fortast

            Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

              Siste kortnytt