Lindås på veg mot 15.000
Modalen, Masfjorden og Gulen har alle fått redusert folketal i andre kvartal 2010. Lindås veks vidare.
Endret 20.08.10 17:38
– Her er broren min, Ilian, viser søstera Melina Isadora Lid Myhr (3 ½). Vesleguten vart fødd 28. juni i år og var ein av Lindås sine 49 nyfødde i andre kvartal. Han er dermed med på å løfta Lindås oppover mot 15.000 innbyggjarar. Foreldra til dei to heiter Maren Beate Lid Klokkeide og Ivan Myhr, og familien bur i Bjørsvik. (Foto: Hans E. Storheim).
Medan utkantkommunane går tilbake med i alt tretten innbyggjarar, vert dette meir enn vege opp av plussen i dei andre kommunane i regionen.
Dette går fram av tal frå Statistisk Sentralbyrå (SSB), som la fram nye folketal denne veka.
Den største kommunen har størst auke i reine tal, Lindås går fram med 108 innbyggjarar i løpet av andre kvartal. Med monaleg fleire fødde enn døde, og i tillegg stor tilflytting, er kommunen på god fart mot 15.000 innbyggjarar om denne trenden heldt fram.
Frå utlandet
Tala frå SSB viser også at kvar fjerde nye borgar i Nordhordland og Gulen kjem frå utlandet. Medan flyttinga til og frå andre stader i kongeriket nesten går i null, når ein ser tilflyttinga opp mot fråflyttinga, er biletet eit anna for flytting til og frå utlandet. I alt flytta det 105 menneske til regionen i andre kvartal, medan berre 16 flytta andre vegen.
Av den netto tilflyttinga på 125 utgjer altså dei frå utlandet 89 menneske.
Fødselstal
Lindås har fått 49 nyfødde i løpet av andre kvartal, Meland 15 og Radøy hakk i hel med 14. Austrheim har fått åtte nye borgarar, men så er det færre og færre ned til Modalen på botn, med berre ein ny strek i folketalet.
På fylkesnivå har Hordaland ein vekst på 1.614 i dette kvartalet. Sogn og Fjordane har ei rekkje kommunar som slit med fråflytting, og folkeveksten fylket sett under eitt er på 426 menneske.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






