Strilen / Nyheter / Lindex opnar trass i forbod
Brukernavn 
Passord 
 
Lindex opnar trass i forbod

Lindex opnar trass i forbod

Lindex opnar ny butikk i Knarvik Senter i morgon, torsdag, trass i at Lindås kommune for lengst har beordra stopp i byggjearbeidet i butikklokalet.

Publisert 24.02.10 20:21
Endret 24.02.10 20:21

Kva som no skjer, er eit ope spørsmål. Plan- og utbyggingssjef Tor Hegle i Lindås har informert lensmannsetaten i Nordhordland om at det har føregått ulovleg byggjearbeid i lokala, men saka har ikkje vore politimeldt for å få stansa arbeidet eller opninga.

Plan- og miljøutvalet i Lindås har sete i møte i dag, og på møtet kom det fram at administrasjonen ikkje har ønskt å politimelda aktiviteten i Lindex-lokala så lenge det ikkje har vore opna noka forretning.

Kommuneleiinga har innteke denne haldninga trass i at det på ei synfaring i lokala 22. januar vart dokumentert med foto kor langt ombygginga då hadde kome. Rett etter synfaringa vart det sendt ut skriftleg stoppordre som ikkje har vore etterkome.

Lindex er leigetakar i Knarvik Senter, medan det er selskapet Songleite Eiendom som byggjer om lokala.

Lindås kommune har reagert på at det opphavlege butikklokalet vert litt utvida ved at det skjer ei fasadeendring. Litt av det eksisterande trafikkarealet på utsida vert dermed omgjort til butikkareal. Dessutan vert eit tidlegare lagerrom endra til butikk.

Lindås kommune meiner at slikt byggjearbeid utløyser plankrav eller søknad om dispensasjon. Kommunen har aldri motteke nokon fullstendig dispensasjonssøknad.

Ansvarleg søkjar for ombyggingsprosjektet, Takstpartner Vest, er usamd med kommunen i korleis dei tolkar sitt eige plankrav.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler