Strilen / Nyheter / Lokal vindkraft i lause lufta
Brukernavn 
Passord 
 
Lokal vindkraft i lause lufta

Lokal vindkraft i lause lufta

Del | |

Det ser smått ut med vindkraft på Fedje, Radøy og i Gulen dei første åra. NVE nedprioriterer no slike søknader. Energi­ministeren seier også at det ligg inne mange søknader som aldri vert realiserte.

Publisert 21.02.08 10:55
Endret 21.02.08 10:54

– Dette vert useriøst frå styresmaktene si side, synest Jan Thiessen i selskapet Solvind AS i Rogaland. Han rettar kritikken både mot Norges Vassdrags- og Energi­direkto­rat (NVE) og Olje- og Energi­departementet.

Solvind søkte NVE om konsesjon for tre vindmøller i 2005, men vil no ikkje få svar før tidlegast i slutten av 2009, går det fram i siste nummer av Teknisk Ukeblad.

– Med stadige utsetjingar kan det fort verta 2013 før me får svar, er den mest dystre spådommen frå Thiessen.

Opphopinga av søknader hjå NVE spelar også inn for planane om vindkraft både på Fedje, i Gulen og på Radøy. Både dagleg leiar Håkon Sandvik i Vestavind Kraft AS og prosjektleiar Tor Helge Kjellby i Fred. Olsen Renewables fortvilar over ikkje å få svar frå NVE. Det same gjer selskapet Gefion Engeneering, som vil setja opp vindmøller på Radøy.

Håpar på Haga
Vestavind står bak fleire søknader, blant anna for fire vindmøller på Fedje. Fred. Olsen sitt selskap ser og grunnlag for vindmølleparkar, blant anna på Setenesfjellet i Gulen. Der er det snakk om kring 20 vindmøller.

– Søknader frå oss er på ingen måte skrinlagt! Me ser framleis eit godt grunnlag for vindkraft. Men no synest det klart at NVE har for knapp bemanning. Håpet må vera at statsråd Åslaug Haga ser lampane som blinkar og tek eit ansvar, seier Kjellby.

Så langt har Fred. Olsen Renawables ikkje kome i gang med anlegg her i landet. Det har heller ikkje Vestavind Kraft, der BKK er ein av medeigarane.

– Me håpar og trur at den flaskehalsen som er i NVE no, må vera forbigåande, seier direktør Håkon Sandvik i Vestavind. Selskapet har inne søknader frå Sunnmøre til Karmøy, blanta anna på Fedje og Radøy.

Sa opp i protest
Direktøren for NVE si konsesjonsavdeling sa nyleg opp i protest mot for knapp bemanning.  Berre for vindkraft ligg det 120 søknader i kø. Bemanninga vart drøfta mellom olje- og energiministeren og NVE-leiinga tidlegare denne veka.

Men tilbakemeldinga frå Haga er heller ikkje særleg oppmuntrande:
«Det ligg vindkraftprosjekt i eit enormt omgang i NVE, som aldri vil bli realisert. Me må finna ei arbeidsform som driv fram dei minst konfliktfylte prosjekta på ein mest mogleg effektiv måte», seier Haga ifølgje Teknisk Ukeblad si heimeside tu.no.

Haga sin statssekretær Guro Størvold meiner bemanninga i NVE ikkje er så dårleg som det vert påstått. Ho viser til at konsesjonsavdelinga har fått auka bemanning tre år på rad, og aldri har avgjort så mange saker som i fjor.

Men ho meiner og at det i 2008 bør avgjerast fleire vindkraftsøknader enn dei 5-6 som fekk svar i fjor, sjølv om fleire selskap har fått konsesjon utan så langt å ha realisert planane. Regjeringa har sjølv erklært «vindkraftpausen for over». Nye 500 millionar i støtte til vindkraft skal delast ut etter ei utlysing som Enova jobbar med, skriv Teknisk Ukeblad.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

    – Spesielt å stå på toppen

    – Spesielt å stå på toppen

    Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

      Lindås-Bør bør opplevast

      Lindås-Bør bør opplevast

      Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

        Hipp hipp hipp hurra!

        Hipp hipp hipp hurra!

        Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

          «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

          «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

          MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

            Meland veks fortast

            Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

              Siste kortnytt