Med ein 6. sans i magen
LINDÅS: Dersom du lurte på om det var Tore André Ekerhovd du såg på fjernsynet i går kveld, så såg du ikkje syner.
Endret 08.03.10 17:56
I går gjekk den 38 år gamle nordsjøarbeidaren frå Kolåsfeltet vidare i TV-Norge- programmet «Jakten på den 6. sans». No vil han gjera intuisjonen sin til fulltidsjobb, fortel han på telefon frå Gardermoen på veg heim etter premierefesten med dei andre deltakarane og pressa i går kveld.
Begynte i det små
– Første gongen eg merka at eg hadde ein ekstra sans var etter at eg knekte ryggen då eg var 25 år, forklarer han. Medan ryggen grodde, fekk han god tid til å tenkja og merka at han registrerte ting han ikkje hadde registrert før. Men det var først tre år seinare han forstod kva det eigentleg gjekk i.
– Det kunne vera små ting som at eg svarte på spørsmål før dei var stilte. Eller som den gongen eg ringte kjærasten min som skulle inn att i leilegheita å henta veska ho hadde gløymt, om ho kunne ta med seg det eplet ho hadde i handa.
– Vart du skremd då du oppdaga at du såg ting?
– Nei. Mange mystifiserer det å vera klarsynt, men det er ikkje det minste skummelt. Det er ein fantastisk reiskap som ein anten kan velja å bruka eller la vera, seier han.
Gjekk alternative kurs
Tore André valde å utvikla reiskapen og tok fleire alternative kurs både i healing og anna.
– Eg lært utruleg mykje både om detaljar og om å lesa menneske, og eg trur eg har lært det i den farten eg skal, seier han.
For å testa og utvikla sansen sin, har han drive ein del med healing på vener og kjende, men ikkje gått ut med det på nokon måte. Difor trur han det var mange som fekk hakeslepp då dei såg han på fjernsynet i går.
– I alle fall ser det slik ut på responsen på Facebook i dag, ler han.
Fekk flest poeng
At Tore André melde seg på programmet var først og fremst fordi vener og andre klarsynte han kjenner, meinte han burde prøva seg. Etter kvart kom han til at det ville vera ein fin måte å få testa seg på.
Innspelinga av programma starta i haust. Korleis han ligg an per i dag, har han ikkje lov å seia, men han hausta i alle fall flest poeng i går. Då skulle han i konkurranse med fire andre blant anna finna ein dykkar som hadde gøymt seg på havbotnen. Dykkaren skulle han finna innanfor ein radius på ei nautisk mil (nesten 2 km).
Kor dykkaren var, såg han allereie i bilen på veg ned til hamna.
– Eg fekk eit bilde i hovudet mitt i eit halvt sekund av ein knaus eller eit nes. Difor var eg ikkje i tvil då båten la utpå og neset dukka opp, seier han. Tore André fann dykkaren 24 meter frå båten og var nærmast av alle deltakarane.
– Eg kan ikkje anna enn vera takknemleg, for denne oppgåva var nok ei av dei vanskelegaste dei nokon gong har hatt og kjem til å ha med i programmet, seier han.
Dei to andre oppgåvene i går var å vera menneskeleg løgndetektor og å finna «Isdal-kvinnen» på ein kyrkjegard.
– Den siste var nesten umogleg, for med all energien som er på kyrkjegardar, er det veldig vanskeleg å skilja mellom dei som ligg der, forklarer han.
Utruleg strengt
Før han fekk vera med i programmet måtte han gjennom tre intervju, derav eitt med psykolog. Og når deltakarane vert førte til dei ulike oppgåvene, kan det vera kjøreturar på fleire timar med tildekka bilvindauge og bind for augo.
– Det er utruleg strengt, og du har ingen sjanse til å koma med dersom du berre er «liksomklarsynt», seier han.
Han fortel at han ei kort stund var vettskremt då han oppdaga at dei andre deltakarane meir eller mindre hadde dette som leveveg. Men det gjekk fort over.
– Eg kunne ikkje anna enn å gjera det på min måte, og med den vann eg jo i går, smiler han.
Jo meir Tore André brukar den 6. sansen sin, dess meir får han lyst å jobba med menneske på heiltid. Difor kjem han etter sytten år som serviceingeniør for Aker i Nordsjøen, til å seia opp jobben på sikt. Og skal me tru det han fortel, kjem han nok til å verta djupt sakna.
– Ja, då lyt dei finna att bortkomne papir og feil på utstyret på havbotnen sjølve, ler han.
Når han startar for seg sjølv, er målet å jobba meir som rettleiar for folk.
Riktig å satsa
– Å spå og seia at det og det kjem til å skje, er ikkje heilt mi greie, for ting endrar seg heile tida, seier lindåsingen som sterkare enn nokon gong føler det vil vera riktig å satsa på det alternative.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






