Meiner media har låst Overå-saka
Ankesaka til tidlegare kateket i Ostereidet sokn, Leikny Overå, starta måndag i Gulating lagmannsrett. Advokatane Nils Kristian Ormestad Lie og Anne Marie Due representerer kvar sin part.
Endret 06.09.10 18:35
– Aktiv bruk av støttegruppe, og stor bruk av media, har gjort sitt til å sementera situasjonen på Ostereidet, meiner advokaten for Lindås kyrkjelege fellesråd, Anne Marie Due.
Synspunktet kom fram i samband med at ankesaka til tidlegare kateket i Ostereidet sokn, Leikny Overå, starta måndag i Gulating lagmannsrett i Bergen.
Det er sett av fem dagar til saka, og første dagen gjekk med til innleiingsføredraga til advokaten hennar, og til advokaten til arbeidsgjevaren Lindås kyrkjelege fellesråd.
– Aktiv bruk av støttegruppa for Vilhelm og Leikny Overå har auka splittinga i Ostereidet-bygda, sa advokat Due.
Ho sa også at det i samband med siste soknerådsval var aksjonar for å stryka dei kandidatane som ikkje støtta Vilhelm og Leikny Overå.
– Det var vorte eit heilt enorm engasjement i bygda, noko som har gjort sitt til å sementera situasjonen, sa Due.
Advokat Nils Kristian Ormestad Lie, som representerer Overå i saka i lagmannsretten, kommenterte i retten at det ikkje var noko i dei konkrete medieoppslaga som viste til at ekteparet Overå sjølv hadde teke kontakt med media.
– Nei, men dei har heller ikkje gjort noko for å hindra dette, repliserte Due.
Oppseiing
Leikny Overå er oppsagt frå stillinga si som kateket, noko arbeidsgjevaren Lindås kyrkjelege fellesråd har grunngjeve med samarbeidsproblem i staben på Ostereidet.
I retten i går vart det vist til at to av dei andre tilsette mellom anna meinte at det var uklart om det var sokneprest Vilhelm Overå eller ektefellen kateket Leikny Overå som eigentleg avgjorde saker.
Overå har tidlegare ført oppseiinga inn for Nordhordland tingrett, der ho tapte saka. Denne veka er anken til handsaming i Gulating lagmannsrett.
Ville ikkje flyttast
Det vart i retten måndag vist til to rapportar som vart utarbeidde om arbeidsmiljøet på Ostereidet-kontoret. I den første vart det konkludert med at både sokneprest Vilhelm Overå, kateket Leikny Overå og kantor Boris Kuprijanov måtte vekk frå kontoret. Arbeidsgjevaren sin advokat sa i retten måndag at dette var «noko i overkant».
– Fellesrådet er samde i at konklusjonen om at alle tre må vekk frå teamet, var noko i overkant. Ein er samde i vurderingane, men ikkje på det bastante om at alle tre må vekk, sa Due i retten.
– Som eit sjokk
Overå sin advokat refererte Leikny Overå på at det kom som eit sjokk då arbeidsgjevaren la fram at det var store samarbeidsproblem ved kontoret, og sa at dette ikkje var noko ho hadde kjent til før Åge Clausen la det fram i eit møte om saka.
Tysdag skal dagleg leiar i Lindås kyrkjelege fellesråd, Åge Clausen, forklara seg i retten. Det skal også mellom andre Leikny Overå, Vilhelm Overå og kantor Boris Kuprijanov.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






