Strilen / Nyheter / Mindre hytteavfall, men framleis ofte overfullt
Brukernavn 
Passord 
 
Mindre hytteavfall, men framleis ofte overfullt

Mindre hytteavfall, men framleis ofte overfullt

Avfall frå andre enn hyttebrukarane fyller opp konteinarane.?

Publisert 01.09.10 18:27
Endret 01.09.10 18:27

Tal NGIR samlar inn i samband med avfallshentinga viser at det i snitt er ti prosent mindre hytteavfall i 2010 enn i 2009. Når det likevel stundom er fulle konteinarar å sjå rundt om, skuldast det ofte at fastbuande eller hytteeigarar har lessa av ein hengar.

– Det skjer ofte at konteinaren er full igjen same dagen som det er tømming, seier Erlend Kleiveland, dagleg leiar i NGIR.

Det interkommunale renovasjonsselskapet har eigne rutinar for tømming på sommaren, i den perioden der både hytter og avfallskonteinarar har størst bruk. Men tømming to gonger i veka er ikkje nok når det dukkar opp hengarlass med avfall, avfall som skulle ha vore levert direkte til ein av dei tre gjenvinningsstasjonane.

– I høve til tal hytter er det rikeleg kapasitet på hyttekonteinarar. Utfordringa er at desse vert nytta til avfall som burde vore levert til ein av gjenvinningsstasjonane, seier Kleiveland, som legg til at dette problemet varierer frå område til område i distriktet.

– Og det er mindre problem med dette der ein har små innkastluker eller låste konteinarar.

NGIR har planar om å bytta ut fleire konteinarar med stor luke med slike som har lita innkastluke eller lås.

– Me har bestilt ein god del slike konteinarar. Då vert det sjeldnare at det vert lagt att ein sofa og slikt som skal på gjenvinningsstasjonen, seier Kleiveland.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler