Strilen / Nyheter / Mista lappen, teken på nytt
Brukernavn 
Passord 
 
Mista lappen, teken på nytt

Mista lappen, teken på nytt

Først tok politiet frå han lappen i Knarvik. Ein god halvtime seinare vart han stoppa i ein ny fartskontroll på Matre.

Publisert 02.08.10 13:11
Endret 02.08.10 13:10

Det var i to femtisoner den 30 år gamle sogningen ikkje klarte å styra gassen. Først tok nordhordlandspolitiet frå han førarkortet etter at han måkte gjennom 50-sona i Knarvik i 81 kilometer i timen. Dette var søndag kveld klokka 19.40.

Fekk kjøra heim

Sidan mannen lova bot og betring og berre skulle strake vegen heim att til Sogn, fekk han lov å kjøra vidare utan førarkort. Men alt klokka 20.16 vart mannen teken på nytt, denne gongen av UP i femtisona på Matre. Då utrykkingspolitiet spurde etter førarkortet, kunne ikkje mannen anna enn å tilstå at dette hadde Vangberg teke frå han i Knarvik berre ein halvtime før. Om mannen ikkje hadde like stor fart gjennom 50-sona på Matre som i Knarvik, var farten stor nok til eit førelegg.

Førelegg på førelegg
– Dette kjem i tillegg til førelegget me gav han i Knarvik. Han kan også rekna med å verta verande lenger utan førarkort, seier politioverbetjent Kjell-Idar Vangberg ved Nordhordland lensmannsdistrikt.
– Fekk mannen lov å kjøra heim andre gongen også?
– Ja, han fekk faktisk det, ler Vangberg, som reknar med at mannen fekk seg ein lærepenge han kjem til å hugsa ei stund.
Under fartskontrollen i Knarvik, vart totalt fire tekne, men det var berre sogningen som mista førarkortet.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler