Strilen / Nyheter / Nei til pelsdyrfarm
Brukernavn 
Passord 
 
Nei til pelsdyrfarm

Nei til pelsdyrfarm

Del | |

Meland-politikarar er positive til pelsdyroppdrett på Røyset, men tillet ikkje at den vert bygd der søkjaren ønskjer.

Publisert 21.04.10 18:34
Endret 21.04.10 18:34

– For oss er dette viktig fordi det er spørsmål om garden er levedyktig eller ikkje, seier Henning Wilhelmsen.
Han vil driva pelsdyroppdrett på garden sin på Røyset saman med sambuar Cecilie Brandt. Tysdag kom politikarane i Utval for drift og utvikling (UDU) på synfaring.  

Fleire naboklager
Paret har søkt kommunen om å få reisa eit nybygg på 8 x 35 meter tett ved dagens driftsbygning.

Fleire naboar har klaga fordi dei fryktar at ein revefarm her vil føra til lukt og rotteplager i nabolaget.

Difor ønskja politikarane i UDU å sjå seg rundt på staden, før dei fatta eit vedtak. Det gav også søkjarane og naboar ein sjansen til å snakka direkte til politikarane.
I dag har Wilhelmsen og Brandt mjølkekyr og sau.

– Men det er ikkje realistisk at me kan halda fram med mjølkekyr så mykje lenger. Eg har problem med knea og det vert for mykje bøy og tøy. Skal me driva garden vidare må me legga om drifta. Difor vil me satsa på rev, og har søkt om eit bygg skal husa 70-80 mordyr, sa Wilhelmsen.

– Me druknar i fluger
Merete Skarsvåg, Signar Andre Skarsvåg og Jorunn Røyset er alle naboar til garden. Dei ønskjer ikkje ein revefarm i nærleiken av sine bustader, og seier at prøvedrift på garden har gjeve dei fleire plager.

– I sommar drukna me i fluger. Me snakkar ikkje om hundrevis, me snakkar om tusenvis. Det var så gale at me måtte støvsuga veggane for fluger. Det var ekkelt og pineleg, spesielt når me fekk gjestar. Me kunne heller ikkje bruka terrassen fordi revefarmen lukta så sterkt. Det går i periodar. Nokre gonger kjenner du ikkje så mykje, andre gonger er det heilt uuthaldeleg. Me har også fått eit rotteproblem. Det har me ikkje hatt før, sa Merete Skarsvåg.

Spørsmål om skjønn
Administrasjonen i kommunen meiner at bygget det er søkt om er innanfor gjeldande regelverk.

– Ein vil nok ha ein litt høgare terskel for luktplager i eit område som er regulert til landbruksføremål, enn ein del andre stader. Men det er vanskeleg å setja ei grensa for kva naboar må finna seg i. Det vert difor ei skjønnsmessig vurdering, sa Kjell Rutledal, som arbeider med plan- og byggjesaker i kommunen.

Mot éi stemme
Då politikarane skulle ta eit standpunkt i saka, valde dei å la omsynet til naboane vega tyngst.

– Dei fleste gav uttrykk for at dei var positive til at det kan startast opp pelsdyroppdrett, samtidig som ein var veldig i tvil om kor store ulemper det vil medføra for naboane. Det er ei vanskeleg skjønnsvurdering.

Til slutt enda det med eit vedtak om at ein ikkje vil tillata at det vert bygd så nært naboane, som det vart lagt opp til i denne søknaden, seier leiar for UDU, Atle Håtuft.
Vedtaket vart gjort mot éi stemme.

– Eg var veldig i tvil, men eg valde å stemma mot vedtaket, seier Håtuft (Frp).

I samband med planane om revefarm på Røyset, har mange engasjert seg i ein etisk debatt om pelsdyroppdrett. Sidan pelsdyroppdrett er ei lovleg næring i Noreg, er det ikkje utvalet si oppgåve å ta stilling til etiske spørsmål rundt dette. Saka vart handsama som ei rein byggjesak. 


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

    – Spesielt å stå på toppen

    – Spesielt å stå på toppen

    Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

      Lindås-Bør bør opplevast

      Lindås-Bør bør opplevast

      Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

        Hipp hipp hipp hurra!

        Hipp hipp hipp hurra!

        Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

          «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

          «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

          MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

            Meland veks fortast

            Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

              Siste kortnytt