Norovirus på Knarvik sjukeheim
16 bebuarar på Knarvik sjukeheim er smitta av Noroviruset. – At dei eldre er smitta, er uheldig, seier kommunelege Lars K. Lie, som har sett restriksjonar på besøk.
Endret 09.03.10 19:27
– Noroviruset gjev feber, diare og kvalme. Det er ikkje farleg, men det er ikkje heldig om eldre og sjuke vert smitta, difor har me innført restriksjonar på besøk og innført inntaksstopp på sjukeheimen inntil vidare, seier kommunelege Lars K. Lie (bilde).
Tysdag tok han kontakt med avisa for å informera om utbrotet.
Til no er 16 bebuarar og 13 tilsette råka av sjukdommen.
– Det er to avdelingar som er ramma av sjukdommen. Eg fekk dei første meldingane før helga, og me har sett i gang ei rekkje tiltak for å unngå at det spreier seg ytterlegare. Me har sett i gang isoleringstiltak. Og me vil halda dagavdelinga og seniorsenteret stengt inntil utbrotet er over, seier kommunelegen.
Dei fleste som vert smitta er dårlege i eitt til to døgn.
– Det har vore liknande utbrot på Haukeland sjukehus og på andre sjukeheimar tidlegare og me vil følgja dei prosedyrar me har for å handtera slike utbrot, seier Lie.
Han bed pårørande om å vera litt tilbakehaldne med å besøka sjukeheimen dei neste dagane.
– Me ønskjer ikkje så mykje trafikk ut og inn av bygget no. Om pårørande er usikre på om det er greitt å koma på besøk og om eller ikkje er det ein fordel om dei tek kontakt med sjukeheimen på førehand, seier kommunelegen.
Han rår også folk til å vera nøye med handhygiene for å minska risikoen for å verta smitta. Folk som har vore sjuke vert bedne om å halda seg borte frå arbeid i 48-timar etter utbrotet er over. Dette gjeld spesielt personar i yrke der dei omgås mykje folk eller jobbar med matvarer.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






