Ny gjerde-tabbe
Lindås har brukt feil lov for å få Fossgjerdet fjerna. Eit nytt vedtak om fjerning er difor oppheva av Fylkesmannen.
Endret 30.08.11 13:31
– Eg synest dette er rart, seier Bjarne Foss i ein kort kommentar.
Leiaren i kontrollutvalet, Ingeborg Askeland, synest det er ille at kommunen igjen er tatt for ein administrativ tabbe gjennom feil lovbruk.
– Det er ekstra ille med bakgrunn i forvaltningsrapporten som påviste mange feil i saksbehandlinga. Slikt gjer at tilliten til kommunen vert tynnsliten, seier Askeland.
Feilen Lindås har gjort denne gongen, er å bruka den nye Plan- og bygningslova frå 2010, i staden for den gamle frå 1985.
Nytt krav frå Planutvalet
Foss ønskjer berre å visa til at kommunestyret i september oppheva eit krav om tvangsmulkt som planutvalet hadde kom med. Vedtaket kom etter ein sterkt kritisk rapport, som blant anna påviste at administrasjonen har unnlete å rettleia Foss som søkjar. I januar i 2011 kom saka på nytt opp i Planutvalet. I tråd med rådmannen si tilråding vart det gjort nytt vedtak om fjerning av gjerdet og tvangsmulkt.
Det vedtaket klaga Foss Eiendom på, og Fylkesmannen har tatt klagen til følgje. I juli oppheva han Lindås sitt siste vedtak.
Kva no?
– Som leiar i Kontrollutvalet kritiserer eg feil lovbruk, ikkje korleis ei sak vert vurdert politisk, seier Ingeborg Askeland.
Ho opplyser at Fylkesmannen si oppheving av vedtaket til Planutvalet skal opp i Kontrollutvalet i dag, tysdag.
– Men der skal opphevinga berre opp som ei referatsak. Fylkesmannen ber kommunen avgjera om gjerdet er søknadspliktig etter den gamle lova. Det vert det opp til administrasjonen å vurdera. Her er det spørsmål om finjuss, og det uttaler eg meg ikkje om, seier Askeland.
«Ikkje søknadspliktig»
Etter at eit tidlegare gjerde vart fjerna, vart det noverande på 1,5 meter sett opp i mars 2008.
Bjarne Foss meiner Fylkesmannen alt i 2007 slo fast at gjerdet ikkje er søknadspliktig. Der seier ein at «Vidare vil innhengningar med inntil 1,5 meters høgd korkje krevja søknad eller melding», noko Foss er sikker på må gjelda for dagens gjerde.
Fire år seinare tek ikkje Fylkesmannen med denne tolkinga. Kommunen vert no beden om å gå inn i den gamle lova frå 1985, for å vurdera om gjerdet er søknadspliktig.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Lindås-Bør bør opplevast
Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.
Siste kortnytt
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]






