Ny kommune får eigedomsskatt
Som folk i Gulen og Meland må også radværingane punga ut med eigedomsskatt for hus og hytter frå 2009. Fleirtalet i kommunestyret fann torsdag ingen andre utvegar og avviste Frp si tøffe kuttliste. Om det er noka trøyst, skal pengane betalast inn over tre terminar.
Endret 30.05.08 08:05
Ikkje uventa var også Høgre sine fire no klar for å seia ja til eigedomsskatt, etter at partiet bad om ei utsetjing i førre runde.
– Det må kallast politisk tiktakkeri, meinte Grethe Lunde (KrF), noko gruppeleiar John bauge i Høgre ikkje let seg kava opp over. Han meinte ein hadde fått ei grundigare vurdering og ny informasjon, medan Lunde peika på at det var akkurat det same vedtaket som sist som låg på bordet, og som Høgre ville gå inn for.
Frp la fram ei tøff kuttliste på nesten fire millionar kroner, men fekk stort sett ramsalt kritikk for dei kutta partiet ville gjera, blant anna å avvikla kommunen sitt kulturkontor og kutta ytterlegare kring ei stilling i sentraladministrasjonen. Men så godt som alle partia rosa Frp for omsider å seia kor dei ville finna pengar dei andre vil ta inn i eigedomsskatt.
Vedtaket om å godkjenna ein økonomiplan for 2008-2011 med eigedomsskatt, vart som venta gjort mot Frp sine røyster. Dermed kan administrasjonen gå i gang med prosessen for å få taksert alle hus og hytter i kommunen, noko som kan kosta kommunen opp til 2 millionar kroner. Bjørg Skarbø (Sp) er vald til leiar i takstnemnda. Dei andre medlemene er Helge Kolås (H) og Tove Karin Storheim (Ap). Det er også vald ei klagenemnd med André Michelsen (Ap) som leiar.
Den neste store debatten kjem til hausten, når politikarane skal avgjera kor høg promille-satsen for privat eigedomsskatt skal vera. Den satsen avgjer kva sum kvar enkelt må ut med.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Lindås-Bør bør opplevast
Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.
Siste kortnytt
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]






