Passar munnen etter heftig symjetur frå Fedje
AUSTRHEIM: Amund Lerøy snakka for høgt om å symja frå Fedje til Austrheim. I førre veke måtte han gjennomføra.
Endret 17.08.10 10:53
Amund Lerøy (33) frå Lerøy i Austrheim hadde snakka om symjeturen i fleire år, og onsdag måtte han til pers.
– Eg hadde fått litt pes frå arbeidskollegene på Aker Solutions på Mongstad, seier Lerøy.
Ingen reprise
Kollegene visste nemleg om at Lerøy hadde tankar om den dryge symjeturen, ein idé som først kom opp under ein badetur til Radøyhallen.
– Eg driv ikkje så aktivt akkurat, men eg er på symjing i Radøyhallen for trimmen sin del.
Såpass godt trena er han at turen frå Fedje til heimkommunen gjekk unna på ein time og tre kvarter.
Langturen over Fedjefjorden freistar det ikkje å repetera.
– Kollegaene mine hadde vel ikkje heilt trudd at eg skulle klara det, seier Lerøy, som ikkje lovar nye symjeturar med det første.
– Eg må vel passa på kva eg seier etter dette, det er vel det beste.
Symjeturen gjekk frå Fedje og til næraste delen av Sævrøy, og attmed seg hadde Lerøy heile tida ein følgjebåt.
– Dei i båten skulle også halda utkikk etter brennmaneter. Eg var borti i ei manet likevel, men då var eg så kald at det ikkje gjorde noko.
Kald oppleving
Halvvegs til Sævrøy byrja det å verta heller kaldt, og mot slutten kom skjelvebygene. Lerøy hadde smurt seg inn med feitt for å verna seg mot det kalde vatnet, men etter nesten to timar i sjøen var det godt å komma på land.
– Eg hadde nok ikkje greidd så mykje lengre, seier Lerøy.
Å vera i vatnet er Lerøy elles godt van med, etter å ha drive ein del med både dykking og fridykking.
– Det er alltid moro å komma seg i sjøen.
Turen vart gjennomført i badebukse.
Litt kaldt på slutten, men symjeturen frå Fedje til Sævrøy gjekk bra, seier Amund Lerøy.
Må fjerna fire tiltak eller få bot
Ein grunneigar på Eikanger må fjerna fleire tiltak i strandsona, elles vert det eingongsbot og dagmulkt, har Fylkesmannen avgjort.
Hard kamp om ingeniørane
Det er for tida ein hard kamp om å trekkja til seg ingeniørar, kom det fram då Næringsbarometeret for Hordaland vart presentert tysdag.
Siste kortnytt
- Maurstad også til Fedje [08.02.12 18:34]
- Kulturskulen i Lindås på nett [08.02.12 18:24]
- Ny runde for Sæbørevyen [08.02.12 18:23]
- Traktor i grøfta [06.02.12 12:55]
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
Mest lest
- Dødsulukke i Hjelmåstunnelen [08.02.12 15:19]
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Politi på fisketur [09.02.12 18:43]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Skal det vera ein ubåt? [06.02.12 13:08]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Hadde narkofabrikk heime [06.02.12 13:10]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Må fjerna fire tiltak eller få bot [09.02.12 09:58]
- Tre mistenke for fyllekjøring [30.01.12 10:29]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]







