Strilen / Nyheter / Promilledom for å stansa bil
Brukernavn 
Passord 
 

Promilledom for å stansa bil

Ein mann frå Gulen er dømd til fengsel i 14 dagar for å ha køyrt bil med promille. Dommen er på vilkår i to år. Men mannen må også ut med ei bot på 75.000 kroner. 

Publisert 03.02.10 17:19
Endret 03.02.10 17:19

Han må vidare betala 2.000 kroner i sakskostnader.

Men saka er noko spesiell. Bilkøyringa skjedde etter at familien hadde vore på Gulatingsfesten på Flolid 13. juni i fjor. Familien kom frå Flolid i båt til ein parkeringsplass, der bilen stod parkert. Det var domfelte sin ektefelle som skulle køyra bilen heim.

To av familiemedlemene hadde sett seg inn i baksetet på bilen, som brått begynte å rulla. For å hindra at bilen køyrde i eit hus, sprang mannen til og greip rattet. Då slo rattlåset seg på. Han starta då bilen og køyrde eit par meter.

Akkurat i det same kom politiet forbi. Dei tok blodprøve av mannen, og den viste 1.19 promille. Men trass i at mannen berre køyrde eit par meter, vart han altså dømd.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler