Rosedyrking på smertegrensa
MELAND: Å dyrka roser i ein så kald vinter som i år med høge energiutgifter, er ein risikosport.
Endret 06.03.10 12:14
– Vert oljeprisen høgare no, vert det ikkje mykje att til oss, seier Siv Danielsen.
Saman med faren Einar driv ho rosegartneri på Rossland. Og den uvanleg kalde vinteren har sett sine spor.
Fram til midten av februar varma dei opp drivhusa sine med elektrisk straum, men då gav leverandøren BKK beskjed om at dei måtte skru av straumen til elektrokjelane på grunn av fare for straumkrise. Dermed måtte Danielsen gå over til å varma opp drivhusa med olje.
Stoppa veksten
Så kaldt som det har vore i vinter, måtte dei i ein periode la temperaturen i drivhusa gå ned.
– Røyropplegget i drivhusa her på Vestlandet er rett og slett ikkje dimensjonert for 15 kuldegrader, seier Einar Danielsen.
Då temperaturen gjekk ned, stoppa veksten hos rosene opp, men no er han i full gang att, og kvar dag produserer dei rundt tusen roser i gartneriet på Rossland.
På grensa
Danielsen har greidd å få tak i olje frå ein mindre leverandør, og prisen ligg litt lågare enn for straumen, men går prisen høgare opp, forsvinn den siste fortenesta.
– Eg tenkjer på gartnarane i Trøndelag, med dei straumprisane dei har hatt i vinter, seier Siv Danielsen.
– Ja, me brukar 700 kilowatt i timen, så skulle me betalt ti kroner pr. kilowatt, slik dei har gjort, vart det 7.000 kroner i timen. Då kunne me pakka saman, seier Einar.
Medan dei framleis fyrte med straum, skrudde han av straumen nokre timar då prisen ein kort periode gjekk opp i 58 øre pr. kilowatt.
Mange ville sikkert tru at med så mykje og langvarig kulde som det har vore i vinter, har straumforbruket i gartneriet vore ekstra stort. Men det har det ikkje.
– Veksthusa verkar som solfangarar, og når sola skin, kan me slå av straumen fordi temperaturen i veksthusa vert høg nok likevel, seier Einar Danielsen.
Difor er kulde og gråvér det dyraste for dei.
– På sikt trur eg løysinga vert å varma opp med naturgass, men då må me investera i eit tankanlegg, seier han.
Til Austlandet
Storparten av rosene dei dyrkar fram på Rossland, hamnar på Austlandet eller i Molde.
– Det utgjer 70-80 prosent, seier Einar Danielsen.
Grunnen er at bergensmarknaden er dominert av roser importerte frå Afrika.
Talet på rosegartneri i Hordaland har elles gått ned frå 16 for nokre år sidan til berre tre i dag.
I 20 år
– Neste år har eg dyrka roser i 20 år, fortel Einar Danielsen, som har drive som gartnar i 40 år.
Fram til i fjor dyrka dei liljer óg, men det svarte seg ikkje lenger og salet gjekk ned.
Dottera Siv er i ferd med å overta hovudansvaret for drifta av gartneriet, men faren har ingen planar om å pensjonera seg.
– Og eg treng han, for det er han som sit på fagkunnskapen, seier dottera, som ikkje har anna opplæring som gartnar enn den ho har fått heime.
Bukettar
Danielsen Gartneri har fram til no sendt alle rosene frå seg, men no har dei begynt å laga bukettar og dekorasjonar.
– Det er det Inga som tek seg av, seier Siv, og Inga er litauiske Inga Jazbuté, som har jobba på gartneriet i fleire år no.
I dag er det berre dei tre som jobbar på gartneriet.
– Folk kan koma innom her på Rossland og velja fargar på rosene dei vil ha i bukettane eller dekorasjonane, seier Siv Danielsen.
For sjølv om årets vinter har bydd på utfordringar, har dei ingen planar om å gje seg med rosedyrking på Rossland.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






