Strilen / Nyheter / Samde om kunstgras, usikkert om pengane
Brukernavn 
Passord 
 
Samde om kunstgras, usikkert om pengane

Samde om kunstgras, usikkert om pengane

ALVERSUND: Kunstgrasbana skal komma. Kvar pengane skal komma frå, er ikkje avgjort.

Publisert 03.09.10 18:37
Endret 03.09.10 18:37

Teikningane er klare for ei kunstgrasbane ved skulen i Alversund, ei sjuarbane som skal liggja snudd nitti grader i høve til grusbana som ligg der i dag. Administrasjonen vil gjerne rusta opp hovudvassleidningen som ligg tvers over dette arealet, men formannskapet er ikkje samd med korleis dette skal finansierast.

– Me kan la den tretti år gamle vassleidningen liggja som den ligg. Då vert det dyrare å skifta den om det kjem eit brot, men me kan seia «den tid den sorg», var meldinga frå Arne Eikefet, einingsleiar for teknisk drift i Lindås kommune.

Administrasjonen vil ikkje leggja heile kostnaden for oppgraderinga av vassleidningen over på abonnentane gjennom vassavgifta. Argumentasjonen for dette er at det er kunstgrasbana som pressar gjennom ei slik oppgradering, og ikkje leidningsnettet sin tilstand per i dag.

– Me har sett på kva det er naturleg at vassverksabonnentane skal belastast med, sa Eikefet, og viste til at dei hadde sett strek på 400.000 kroner.

Å flytta vassleidningen kostar monaleg meir enn det.

Til kommunestyret
Formannskapet gjekk samrøystes inn for at bana skal byggjast, men utan å gje noko tilleggsløyving som fullfinansierer alt det arbeidet administrasjonen gjerne vil ha med i denne omgang.

I vedtaket heiter det at ekstrakostnader som går på vatn og avlaup må dekkast inn innanfor budsjetta til VA-avdelinga, og frå det som er løyvd til rehabilitering av skulen. Så vert det opp til administrasjonen å finna ut av dette, før saka skal opp i kommunestyret 16. september.

– Eg vert litt engsteleg når de vil ta av budsjettet til rehabiliteringa av Alversund skule. Behovet der er kring 50 millionar kroner, var tilbakemeldinga frå Kjell Bjørnevoll, einingsleiar ved eigedomsavdelinga i kommunen.

Han peika på at arbeidet med å tetta fuktinntrenging var mykje meir omfattande enn kommunen trudde på førehand.

Manglar pengar
Uansett om kommunen let hovudvassleidningen liggja i denne omgang, må også det finnast meir pengar før sjølve bana er fullfinansiert.

– Det manglar netto 500.000 kroner, sa assisterande rådmann Kåre Jordal.

Så langt har kommunen løyvd ein million kroner, idrettslaget Alvidra 222.000 kroner, det er venta ein million i spelemidlar, og det er med 650.000 kroner frå krisepakken mot finanskrisa.

Dermed må det uansett finnast pengar i budsjetta før kommunestyret kan seia endeleg ja, også om ein let vassleidningen liggja som i dag.
Bana kan tidlegast vera klar våren 2011.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Ny ørkenvandring for Knarvik-kyrkja

Ny ørkenvandring for Knarvik-kyrkja

LINDÅS: Kommunestyret utset bygging av ny kyrkje i Knarvik.

    Politi på fisketur

    Politi på fisketur

    Storfangst i Hagelsundet i dag.

      Må fjerna fire tiltak eller få bot

      Må fjerna fire tiltak eller få bot

      Ein grunneigar på Eikanger må fjerna fleire tiltak i strand­sona, elles vert det eingongsbot og dag­mulkt, har Fylkes­mannen avgjort.

        Hard kamp om ingeniørane

        Hard kamp om ingeniørane

        Det er for tida ein hard kamp om å trekkja til seg ingeniørar, kom det fram då Næringsbarometeret for Hordaland vart presentert tysdag.

          Pengedryss til  gode føremål

          Pengedryss til gode føremål

          Frivillige lag bør kvessa pennen, no er det tid for å søka om støtte!

            Dødsulukke i Hjelmåstunnelen

            Dødsulukke i Hjelmåstunnelen

            Ein person omkom og to vart alvorleg skadde i ei trafikkulukke på Hjelmås tysdag. Politiet mistenkjer at føraren av den eine bilen var rusa.

              Siste kortnytt

              Mest lest

              Eldre artikler