Strilen / Nyheter / Skal tvinga til engasjement
Brukernavn 
Passord 
 
Skal tvinga til engasjement

Skal tvinga til engasjement

Fjorten av 500 medlemer kom på ekstraordinært årsmøte i Radøy/Manger Fotballklubb. Dei 14 bestemte at andre foreldre skal tvingast til engasjement.

Publisert 01.02.10 18:50
Endret 01.02.10 18:49

Det ekstraordinære årsmøtet til Radøy/ Manger Fotballklubb fann stad søndag, og tre saker var oppe til avstemming.
Første sak om endring av organisasjonsstrukturen og siste om nye kontingentreglar vart samrøystes vedtekne, utan innvendingar. Litt meir ivrig vart debatten på sak nummer to – innføring av frivillig tvang.

Usedvanleg tungt år
– 14 av 500 medlemer stiller til møtet. Det seier kor lite folk bryr seg om kva me driv med for ungane deira.

Kommentaren frå ein deltakar på årsmøtet seier litt om fortvilinga blant dei få som faktisk engasjerer seg i å driva fotballklubben. Den seier også noko om kvifor ein no tek steget og vil tvinga foreldre til å engasjera seg, i det som skal vera ein frivillig organisasjon.

– Dette har vore eit usedvanleg tungt år. Me har vore 15 som har gjort all jobben, om eg legg godviljen til, seier leiar Truls Berntsen til dei andre 13 i rommet.

Ein av hovudgrunnane til både omorganisering og bruk av tvang, er at dei få som er med, vert utbrente.

– Arbeidsmengda må vera overkommeleg. Det skal ikkje vera slik at dei som engasjerer seg må jobba dag og natt for å få det til å gå rundt, seier Berntsen.

Kan læra av andre
Avgjerda om å tvinga foreldre til å ta på seg ulike verv i organisasjonen, gjekk ikkje utan diskusjon. Dei frammøtte diskuterte variantar som andre idrettslag i regionen har hatt hell med, når det gjeld å få opp foreldredeltakinga. Også ei løysing som krev meir pengar var oppe til diskusjon.

– Når me er oppe i éin million i omsetning, då kan me jo lufta om me treng ein dagleg leiar. Ein som er betalt for å ta det som er tungt, foreslo Arne Askeland.

I tillegg til å sjå til andre idrettslag, har styret også sett til musikklaga.

– Dei haiar folk inn, og dei får det til, seier leiar Berntsen.

– Ja, dei gjer noko riktig. Me må sjå og læra, ikkje stå med hua i handa, seier styremedlem Kurt Barvåg.

Noko alle var samde om, var at foreldra må tvingast med i organisasjonen, før ting kan verta betre. Forslaget vart samrøystes vedteke.

Går utover borna
Med eit samrøystes ekstraordinært årsmøte i ryggen, går styret no ut med strenge reglar. Tidlegare har kvart lag hatt éin trenar og éin lagleiar.

– Nytt no vert at kvart lag også må stilla ein foreldrerepresentant som skal inngå i klubben sin organisasjon, seier leiar Berntsen.

Om foreldra ikkje stiller med denne representanten, vil det gå ut over fotballaget. Det vil ikkje verta påmeld i serien, får ikkje vera med på Manger Cup, får ikkje treningstid i Radøyhallen, vert sist prioritert på utebanene og får ikkje tildelt treningsutstyr.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Brua er på plass

Brua er på plass

GULEN: Brua over Brandangersundet er løfta på plass.

    Rockefest i Austrheim

    Rockefest i Austrheim

    Laurdag 11. september vert det rockekonsert for alle i Austrheimhallen.

      Mindre hytteavfall, men framleis ofte overfullt

      Mindre hytteavfall, men framleis ofte overfullt

      Avfall frå andre enn hyttebrukarane fyller opp konteinarane.?

        Riisnes går  til filmen

        Riisnes går til filmen

        MASFJORDEN: Erik A. Riisnes vert å sjå i NRK Fjernsynet neste år.

          Tanita i X Factor

          Tanita i X Factor

          LINDÅS: Fredag kan du kanskje sjå Tanita Kolås frå Seim i ­talentkonkurransen X Factor på TV 2. (Foto: Øyvind Ganesh Eknes)

            BBC filma på Fedje

            BBC filma på Fedje

            – Nordsjøen er like viktig for Storbritannia, som den er for Noreg. Me er verdsborgarar og naboen sitt problem kan fort bli ditt, seier BBC-reporter Roderick Munro. I framgrunnen kaptein Oddvar Nilsen Husa på «Olavson» som tok filmteamet ut på staden der U-864 ligg senka.

              Siste kortnytt

              Mest lest

              Eldre artikler

              På forsiden nå