Strilen / Nyheter / Skepsis til Lyngtunet
Brukernavn 
Passord 
 
Skepsis til Lyngtunet

Skepsis til Lyngtunet

Del | |

LINDÅS: Politi­karane, blant anna ordførar Astrid aarhus Byrknes, er framleis skeptiske til å ha alle demente i Lindås på ein stad - Lyngtunet, slik rådmannen går inn for, blant anna ved å leggja ned demens-tilbodet på Lindås.

Publisert 28.08.09 17:08
Endret 28.08.09 17:07

– Legg ned avdelinga for demente ved Lindås bu- og servicesenter og ved Såtabu, for å samla alle demente på det nye Lyngtunet i Knarvik.
Dette rådet frå rådmannen skaper framleis innvendingar og tvil hjå politikarane i Lindås.
Dei har fått på bordet ein revidert plan for pleie og omsorg 2010-2015.
– Me må ha opp ei eiga sak om Lyngtunet. Kva er eigentleg Lyngtunet? sa ordførar Astrid Byrknes (KrF) under ein lang debatt om planframlegget i formannskapet torsdag.
I tillegg til skepsis til samling av alle demente i Lindås på ein stad, skaper staten sine signal om Samhandlings­reform uvisse blant lokale politikarar.

– Får me nok pengar?
Frå 2012 skal denne reformen overføra meir ansvar til kommunane, blant anna for pasientar som sjukehusa no tek seg av.
– Beklagar, men eg tvilar at kommunane får nok pengar med denne reformen. Her er det berre staten som vil spara pengar, argumenterte Nils Træland (H). Han meinte også at demensavdelinga på Lindås fungerer godt og bør halda fram.
Træland kan heller ikkje skjøna at det er rett å flytta folk til Knarvik.
Varaordførar Bjarte Vatnøy (Frp) var og blant dei som uttrykte skepsis til ei stor investering i Lyngtunet for å samla alle demente.
– Stadig fleire kommunar får problem med å rekruttera fagfolk til pleie og omsorg. Og eg må diverre seia det: Det er mykje lettare å rekruttera folk til Knarvik enn til Lindås, sa kommunalsjef Terje Sætre.
Han viste til at omsorgsplanen er litt endra etter signal om ei ny reform frå 2012, men ikkje så mykje.

– Treng ein plan
«Mykje bra», sa fleire politikarar om planen, men samstundes kunne Sætre notera same skepsis til ein felles demens-institusjon som han er møtt med tidlegare.
Medan fleire ville utsetja planen, argumenterte rådmannen sjølv og blant anna Tove Linnea Brandvik (Ap) for at kommunen treng eit vedtak på ein plan. Det bør ein ha sjølv om ei reform frå staten kan krevja ny behandling alt neste år.
Behandlinga i levekårutvalet tysdag viste delte meiningar blant partia. I formannskapet fekk ordføraren samling for at den sjukeheimsbaserte omsorga vert vidareført som no inntil Lyngtunet kjem, truleg på ei tomt like ved Knarvik Sjukeheim.

Eiga sak

Etter rådmannen sitt nye opplegg skal det på Lyngtunet verta plass for kring 30 demente pasientar med omsorgsbustader som buform.
Lyngtunet skal seinare opp som eiga sak, og ei nedsett arbeidsgruppe skal koma med  ei innstilling til budsjettbehandlinga seinare i haust, vedtok formannskapet. Dermed vert saka om ny omsorgsplan trekt frå kommunestyret sitt møte i september.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

    – Spesielt å stå på toppen

    – Spesielt å stå på toppen

    Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

      Lindås-Bør bør opplevast

      Lindås-Bør bør opplevast

      Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

        Hipp hipp hipp hurra!

        Hipp hipp hipp hurra!

        Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

          «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

          «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

          MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

            Meland veks fortast

            Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

              Siste kortnytt