Solsvik gjev opp Garveriet-drifta
ISDALSTØ: – Det er med tungt hjarte eg gir meg. Men det kostar for mykje å driva, seier Margunn Solsvik, som sluttar med utestaden Garveriet.
Endret 01.03.10 19:09
I ei årrekkje dreiv Margunn Solsvik Garveriet saman med Karsten Havreberg. Då han gjekk bort før jul i fjor, bestemte ho seg for at ho ville prøva å driva utestaden vidare. Men no kjem kontrabeskjeden, etter at ho ikkje har fått til noko ny avtale med huseigar.
– Eg ser meg nøydd til å innstilla drifta av Garveriet Restaurant AS frå 31. mars 2010. Det er ikkje med lett hjarte eg gjer dette, men det vil vera økonomisk ruin å halda fram med dei krava som vert sette fram av eigar, skriv Solsvik i ei melding på heimesida til Garveriet Restaurant AS.
Forsøk på forhandling
Den førre kontrakten Solsvik hadde med eigar Ole Tom Ones, gjekk ut ved nyttår. Og Solsvik har fått tilbod om ny kontrakt.
– Ja, det har eg fått. Men det er kva den kontrakten inneheld som er problemet. Husleiga går opp, seier Solsvik til Strilen.
Strilen får stadfesta hjå eigar at husleiga i nytt kontraktforslag går opp med 2.500 kroner.
– Det vert 30.000 kroner, og utgjer 9 prosent av omsetninga. Vanleg er å ta mellom ti og femten prosent, seier huseigar Ones.
Solsvik hevdar at det nye kontraktforslaget gjer det dyrare på fleire måtar, og at ho har gjort forsøk på å forhandla seg fram til ein rimelegare avtale.
– Eg veit kva som går og kva som ikkje går, seier Solsvik.
Då ho innsåg at det ikkje let seg gjera å få til ein rimelegare avtale, bad ho om utsetjing i tre månader. Det fekk ho.
– Eg vil gjerne avvikla på ein ordentleg måte, seier ho.
Kostar for mykje
– Det kostar for mykje å driva eit gamalt hus, seier Solsvik.
Det har også kosta Margunn Solsvik ganske mykje å prøva å få endane til å møtast. Frå ho overtok firmaet i juni, og særleg etter at Karsten gjekk bort, har det vore vanskeleg.
– Eg har fått magesår. Den perioden frå Karsten døydde og fram til no har vore tung, fortel Solsvik.
Oppe i det heile har ho også opplevd ei enorm støtte. Over 1100 personar har meldt seg på gruppa på fjesboka som vil støtta Margunn Solsvik i å driva utestaden på Garveriet vidare.
– Støtta er overveldande, seier Solsvik.
– Trur du støtta har noko å seia for utfallet?
– Ikkje for huseigar. Han går ikkje ned i husleige, seier Solsvik.
Frå første april vert det nye folk som driv Garveriet, og Solsvik er i gang med avviklinga.
– Dei tilsette grin, eg har sagt opp avtalane. Me har vel hatt ein 12-15 personar inne på timebasis i helgane, seier Solsvik.
Usikker framtid
Kva Solsvik skal ta seg til etter siste arrangement i mars, veit ho ikkje.
– No prøver eg å avvikla på ein ordentlig måte, og så tek eg påskeferie, som eg ikkje har hatt på femten år, seier Margunn Solsvik.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






