Strilen / Nyheter / Søtt i blodet, salt i augekrokane
Brukernavn 
Passord 
 
Søtt i blodet, salt i augekrokane

Søtt i blodet, salt i augekrokane

Del | |

Siste skuledag på nedlagde Flatøy skule inneheldt mykje snop, ein del tårer og mange spente elevar som skal på ny skule etter sommaren.

Publisert 24.06.10 10:53
Endret 24.06.10 10:53

– Ja, dette er siste gang me ringer i klokka, seier Aud Solberg Flatøy og ringer inn til aller siste time på Flatøy skule.

– Eg trur ikkje klokka vil ringa likt på den nye skulen, seier førsteklassing Fredrik Sudmann før han tuslar til siste time.

– Har likt meg her
Ho som får æra av å ringa inn for aller siste gang, er læraren som har jobba lengst ved skulen. Dagen er litt trist, vedkjem ho.

– Det er jo vemodig då, etter å ha vore her så lenge, seier Solberg Flatøy.
Ho byrja å arbeida ved skulen på Flatøy i 1983. Sidan har ho likt seg så godt at ho har vorte verande. Frå hausten av skal ho ha arbeidsplassen sin på Sagstad.

– Eg hadde ikkje sett føre meg å avslutta karrieren på ein annan skule enn Flatøy, seier Solberg Flatøy.

At det ikkje lenger skal vera skule på øya, er også trist, synest ho.
– Skulen ligg midt i bygda og har vore samlingspunkt. Det vert merkbart når det vert heilt stille her, seier ho.

Siste time
– Kan eg få ein kjærleik? spør ein snopesjuk tredjeklassing.

– Veit du, no sparar me litt på sukkeret, og ikkje spark den ­bal­len inne, seier Petrin Kvam, ­kontaktlærar for tredje- og fjerde­­klasse.

Det kunne sjå ut som ein heilt vanleg siste skuledag på Flatøy onsdag. Borna hadde chips og brus på pultane, som var sette i hestesko for høvet. På tavla var det ikkje reknestykke, men leik, og nyviska bøker låg i høge bunkar på ein pult lengst bak i klasserommet.

Men sjølv om elevane hadde snop i munnen og sommarferielopper i blodet, var dei også litt triste.

– Og triste må de få lov å vera. Det skal vera lov å fella ei tåre på ein slik dag, seier Kvam til elevane sine.

Grugleder seg
I aller siste skuletime snakka tredje- og fjerdeklasse saman om det å skulla byrja på heilt ny skule til hausten.

– Dette er siste dagen. Me har hatt siste friminuttet, snufsar ein kar lengst bak.

– Eg synest det er forferdelig å ta bussen. Eg kjem til å hata det. Eg skal sitta på bussen og berre tenka på Flatøy, seier ei jente, før ho vedkjem at ho kjenner jo nokon på Sagstad, og dei gleder ho seg til å treffa att.

Det var delte kjensler blant både store og små på siste skuledagen.

Nokre såg fram til å boltra seg på ei diger fotballbane, andre til å prøva dei store dissene. Ei gleda seg til å få møta att vennene ho fekk då elevane besøkte Sagstad tidlegare i vår.

– Men det vert litt uvant å gå i klasse med 22 andre, seier ein spent kar på første rad.

Tårer og trøyst
Siste skuledagen er slutt, og Petrin Kvam låser ut elevane for siste gang.

– Eg skal jobba på Grasdal, og ha tredje- og fjerdeklasse der, seier ho medan elev etter elev kjem og takkar for seg.

– Petrin, har du låst? Eg vil berre ha ein siste kik, seier David Flatøy, og får sjå inn i klasserommet ein siste gang, før han begynner på ungdomsskulen.

– Det er litt vemodig. Heile familien min har gått her, seier David.

Vemodig var også stemninga då alle elevar og lærarar samla seg utanfor skulen for å seia skikkeleg ha det med song, opplesing og flaggfiring. Fleire måtte tørka tårer, og då flagget nådde halv stong, tok firaren ein pause. No er skulen stengt for godt. Elevane går ei ny og spennande tid i møte.

Men først er det sommarferie.

SISTE KLOKKEKLANG: Aud Solberg Flatøy har vore lærar på Flatøy sidan 1983. Ho tek til som lærar på Sagstad frå hausten av. Her ringer ho inn til aller siste time saman med Jonas Oen Jakobsen og Fredrik Sudmann. SISTE KLOKKEKLANG: Aud Solberg Flatøy har vore lærar på Flatøy sidan 1983. Ho tek til som lærar på Sagstad frå hausten av. Her ringer ho inn til aller siste time saman med Jonas Oen Jakobsen og Fredrik Sudmann.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

    – Spesielt å stå på toppen

    – Spesielt å stå på toppen

    Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

      Lindås-Bør bør opplevast

      Lindås-Bør bør opplevast

      Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

        Hipp hipp hipp hurra!

        Hipp hipp hipp hurra!

        Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

          «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

          «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

          MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

            Meland veks fortast

            Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

              Siste kortnytt