Stoppet som bussen gløymer
MELAND: Folk på Fossesjøen vert gløymt av bussen.
Endret 11.06.10 18:04
– Me har slite med dette i mange år. No synest eg det er på tide at det skjer noko, seier Knut Konrad Io. Han bur i byggjefeltet på Fossesjøen i Meland og kan fortelja om utallige episodar der folk har vorte ståande att på busstoppet medan bussen susar forbi på hovudvegen.
– Dårleg plassering
– Ein kveld var me tre par som stod her og skulle på teater i byen, då bussen ikkje kom innom. Me måtte hiva oss rundt og få tak i ein drosje, seier Io. Nyleg sendte han brev til kommunen der han bad om hjelp til å finna ei løysing.
– Dette er ikkje eit problem som er knytt til bestemte avgangar, sjåførar eller busselskap. Det har skjedd i årevis. Det vert feil å skulda på sjåførane. Det er plasseringa av busstoppet som er problemet.
– Blinkar med lys
Io peikar på vegen og forklarer kva han meiner. Dei fleste bussane som passerer stoppestaden i løpet av ein dag kjører på hovudvegen. Om desse bussane skal plukka opp folk på Fossesjøen må dei ta ein liten avstikkar frå hovudvegen.
– Om morgonen går det stort sett bra. Skuleelevane reiser til faste tider. Då er sjåførane merksame på at dei må innom her. Men reiser du på andre tidspunkt risikerer du å verta gløymt. For bussane som kjem på hovudvegen er det ikkje lett å sjå om det står folk på stoppet.
– Du er nøydd å gå ut av venteskuret og stilla deg godt ut i vegen for at sjåføren skal sjå deg. Nokre gonger har eg gått nesten bort til brua og vinka. Likevel hender det dei kjører forbi. På mørke kveldar har eg prøvd å blinka med ei lita lykt. Det hjelper, seier Io.
Spring over brua
Ein del av bussane som skal til Bergen passerer busstoppet to gonger. Først på veg frå Flatøy til Mjåtveit. Der snur bussen før den kjører tilbake til Flatøy og mot Bergen.
– Viss bussen ikkje stoppar første gongen, vert det gjerne til at du spurtar over brua til stoppet på Flatøy. Då er det større sjanse for at du kjem deg med, men det er frykteleg irriterande. Når du ikkje kan stola på bussen, vert det fort til at folk vel bilen i staden. Det er synd, seier Io. I løpet av åra har han tatt ein del telefonar til dei ulike busselskapa for å fortelja om bussar som har kjørt forbi.
– Kvar gong får eg forskjellig svar. Nokre gonger har dei berre ikkje sett oss, andre gonger har dei gløymt at dei faktisk skal stoppa her. Det seier jo sitt om at ikkje busstoppet fungerer som det skal, seier Io, som ikkje føler at meldingane hans når fram. Han meiner at busselskap, kommunen og brukarane av bussen må samarbeida for å få til ei betre løysing.
Har funne to alternativ
– Det må vera opp til dei som har greie på det å finna ei god løysing, men eg har tenkt litt på det og kome på to alternativ. Det beste alternativet vil nok vera å flytta busstoppet slik at det vert liggjande langs RV 564. Det er ein knaus langs gangvegen der. Visst ein sprengjer og planerer ut litt der, vil ein nok få plass til eit busstopp. Ein kan også tenkja seg ei ordning med lys eller anna varsling på busstoppet som gjer det lettare for sjåførane å vita om det står folk her, seier Io.Han har fått melding om at vegkrysset på Fossesjøen er under omregulering.
– Dette er eit kryss der det har vore mange problem. Det har vore ein del kollisjonar her og fotgjengarar som skal til og frå Frekhaug må kryssa hovudvegen i 80-sona, så her er det mykje å ta fatt i. Det var også grunnen til at eg sendte eit brev til kommunen. Eg håpar dei kan få dette med i planane sine, avsluttar Knut Konrad Io.
Mindre hytteavfall, men framleis ofte overfullt
Avfall frå andre enn hyttebrukarane fyller opp konteinarane.?
Tanita i X Factor
LINDÅS: Fredag kan du kanskje sjå Tanita Kolås frå Seim i talentkonkurransen X Factor på TV 2. (Foto: Øyvind Ganesh Eknes)
Siste kortnytt
- Folkemøte om prestestriden [01.09.10 18:21]
- Vurderer 50-sone [01.09.10 18:20]
- Havsportveka skjenka mindreårige [01.09.10 18:19]
- Holmaas vann i NCC-leikane [31.08.10 14:07]
- Kjørte påverka [31.08.10 14:05]
- Stal brannslukkingsapparat i tunnel [31.08.10 14:06]
- E39 stenger [30.08.10 18:21]
- Med pappskilt og utan førarkort [30.08.10 18:20]
- Eitt førarkort og 18 bøter [30.08.10 18:19]
- Stal moped [30.08.10 11:21]
- Med pappskilt og utan førarkort [30.08.10 11:19]
- Eitt førarkort og 18 bøter [30.08.10 11:16]
- Ønskjer seinare ferje [28.08.10 15:08]
- Sykla på ein buss [28.08.10 15:02]
- Seks millionar for fiber til alle [26.08.10 12:02]
- Innbrot på Feste [25.08.10 16:42]
- Stal alt han kom over [25.08.10 16:41]
- Får næringsråd [25.08.10 16:38]
- 19-åring omkom [24.08.10 11:08]
- Hamna i septiktank [24.08.10 11:06]
Mest lest
- Det er ikkje eit naust [28.08.10 15:16]
- Hamna i fjellveggen [16.08.10 11:07]
- Facebook-gruppe støttar Overå [30.08.10 18:14]
- Fekk plassane dei ville ha [04.08.10 18:17]
- Føler seg mobba av bispen [24.08.10 10:50]
- – La Mongstad redda Bergen og skåna Hardanger! [06.08.10 17:38]
- Passar munnen etter heftig symjetur frå Fedje [17.08.10 10:53]
- Asfalt for millionar [13.08.10 17:17]
- Toppar fjoråret [13.08.10 18:25]
- Mista lappen, teken på nytt [02.08.10 13:10]
- Tanita i X Factor [31.08.10 14:29]
- Ekstrem moro [16.08.10 13:40]
- Sydde tre kjolar til sitt eige bryllaup [31.07.10 17:03]
- Byggjer ei bru, neste må venta [16.08.10 18:14]
- Smell ved flytebrua [25.08.10 09:13]
- Lindås på veg mot 15.000 [20.08.10 17:38]
- I fengsel for svindel [28.08.10 15:17]
- No startar kystsogevekene [11.08.10 12:53]
- Etterlyser trygt fortau [06.08.10 17:33]
- Kritisk til trafikksikringplan [11.08.10 18:08]
Mest tipset
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Anne klar for Grand Prix [30.12.07 13:19]







