Strilen / Nyheter / Storheimen nominert til «Årets eldsjel»
Brukernavn 
Passord 
 
Storheimen nominert til «Årets eldsjel»

Gratulert av idrettstopp Inge Andersen:

Storheimen nominert til «Årets eldsjel»

ALVERSUND: Fem millionar kroner i samla juletreomsetnad, og hundrevis av grasrotandelar. Idrettsmiljøet i Alversund har kvittert med å nominera Hans Egil Storheim til prisen prisen «Årets eldsjel».

Publisert 02.12.09 12:42
Endret 02.12.09 14:28

– Eg høyrer du har gjort ein fantastisk jobb for idrettslaget Alvidra, seier Inge Andersen i det han gjev Strilen-redaktør Hans Egil Storheim ein bukett blomar.
Midt under morgonmøtet til redaksjonen er generalsekretær i idrettsforbundet Inge Andersen på plass, med ein TV-fotograf frå NRK på slep.
– Og så kan eg invitera deg til Idrettsgallaen på Lillehammer i 2010.
Andersen er på plass for å vidarebringa beskjeden om at Hans Egil Storheim, ein av i alt 2.000 nominerte, er plukka ut til å vera mellom dei fem i landet som kan få prisen for 2009.
 
Driv Idretts-Noreg
– Det er eldsjelene som driv heile Idretts-Noreg, seier Inge Andersen, som kan visa til ei undersøking kring dette frå 2004.
– Då vart det gjort ei samfunnsanalyse av det frivillige arbeidet i Noreg, og ein kom til fram at det utgjorde 24.000 årsverk, eller sju milliardar kroner med ei gjennomsnittleg løn.
Rundt om kring i dei 12.000 idrettslaga i Noreg er det mange som gjer ein stor frivillig innsats, og no er fem av desse plukka ut til finalerunden i årets kåring. Av dei dei i alt 2.000 søknadene er fem silt ut, og i juryen som har gjort utvelgingsjobben finn ein Ingrid Kristiansen, Kjetil André Aamodt, Tove Paule, Marit Breivik, Eirik Kvalfoss og Anne Margrethe Hausken.
 
På TV i kveld
Vestlandsrevyen vil i kveld ha ei sak om at Storheim er nominert til eldsjelprisen, som finalekandidat for Vestlandet.
Hans Egil Storheim er også gjest i studio under lokalsendinga «Hordaland i dag» på NRK P1 i dag. Sendinga startar klokka 16.03 i dag.
Dei fem kandidatane kjem frå kvar sin kant frå landet, Vestlandet, Sørlandet, Austlandet, Midt-Noreg, og Nord-Noreg.

Les meir i Strilen torsdag.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler