Strilen / Nyheter / Sydde tre kjolar til sitt eige bryllaup
Brukernavn 
Passord 
 
Sydde tre kjolar til sitt eige bryllaup

Sydde tre kjolar til sitt eige bryllaup

Anja Rambjørg Brendehaug frå Lindås sydde både sin eigen brudekjole, og to selskapskjolar. (Foto: Silje Holte, www.siljeholte.no)


Publisert 31.07.10 17:11
Endret 31.07.10 17:03

– Det var den einaste måten eg kunne få kjolen akkurat slik eg ville ha den, seier Anja Rambjørg Brendehaug til Strilen.

Mykje arbeid
Den tiande juli gifte ho seg med Stig Brendehaug i Sandviken kirke. Til bryllaupet hadde ho ikkje berre sydd sin eigen kjole, men også kjolar til mora og søstera.
– Arbeidet med brudekjolen tok kring 100 timar. Kjolane til søstera og mor mi brukte eg kring 50 timar kvar på, så det har absolutt vore mykje arbeid. Eg starta i fjor haust, og var ferdig ei veke før bryllaupet, seier Rambjørg Brendehaug.  

Elegant brud
Rambjørg Brendehaug blei sjølv veldig nøgd med resultatet, og synest det var vel verdt all jobbinga.
– Eg er godt nøgd med alle kjolane, og spesielt brudekjolen. Søstera mi var veldig bestemt på korleis ho ville ha sin kjole. Ho hadde eigne idear eg måtte ta utgangspunkt i, så det har også vore ei lærerik prosess.

Utdanna i Knarvik
Det er sjølvsagt ikkje første gong Anja Rambjørg Brende-haug syr.
Ho har lang erfaring og har blant anna tatt utdanna i Knarvik.
– Eg har sveinebrev i kjole- og draktsaum frå Knarvik og Bergen Yrkesskule. Eg har jobba fem år ved Atelier V- design og søm, så dette er ikkje mitt første prosjekt. Å sy blonder var det eg hadde minst erfaring med, og kanskje den største utfordringa.

Startar for seg sjølv
I haust startar Anja Rambjørg Brendehaug for seg sjølv, og skal sy selskapstøy til vaksne damer mellom 40 og 60 år.

På bryllaupsdagen strålte Anja Rambjørg Brendehaug frå Lindås i kjolen ho sjølv har sydd. Mannen heiter Stig Brendehaug, og er frå Hilland. (Foto: Silje Holte, www.siljeholte.no) På bryllaupsdagen strålte Anja Rambjørg Brendehaug frå Lindås i kjolen ho sjølv har sydd. Mannen heiter Stig Brendehaug, og er frå Hilland. (Foto: Silje Holte, www.siljeholte.no)

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Ny ørkenvandring for Knarvik-kyrkja

Ny ørkenvandring for Knarvik-kyrkja

LINDÅS: Kommunestyret utset bygging av ny kyrkje i Knarvik.

    Politi på fisketur

    Politi på fisketur

    Storfangst i Hagelsundet i dag.

      Må fjerna fire tiltak eller få bot

      Må fjerna fire tiltak eller få bot

      Ein grunneigar på Eikanger må fjerna fleire tiltak i strand­sona, elles vert det eingongsbot og dag­mulkt, har Fylkes­mannen avgjort.

        Hard kamp om ingeniørane

        Hard kamp om ingeniørane

        Det er for tida ein hard kamp om å trekkja til seg ingeniørar, kom det fram då Næringsbarometeret for Hordaland vart presentert tysdag.

          Pengedryss til  gode føremål

          Pengedryss til gode føremål

          Frivillige lag bør kvessa pennen, no er det tid for å søka om støtte!

            Dødsulukke i Hjelmåstunnelen

            Dødsulukke i Hjelmåstunnelen

            Ein person omkom og to vart alvorleg skadde i ei trafikkulukke på Hjelmås tysdag. Politiet mistenkjer at føraren av den eine bilen var rusa.

              Siste kortnytt

              Mest lest

              Eldre artikler