Strilen / Nyheter / Tess kåra til Årets bedrift
Brukernavn 
Passord 
 
Tess kåra til Årets bedrift

Tess kåra til Årets bedrift

Del | |

Tess avdeling Nordhordland er Årets Bedrift 2010 i Nordhordland og Gulen.

Publisert 12.04.11 10:17
Endret 12.04.11 10:17

Laurdag var det utdeling av den høgthengande prisen, under Nordhordland Handverk- og industrilag sin årsfest på Alver Hotel. Juryen hadde etter vurdering av dei tre nominerte komme fram til at den lokale Tess-avdelinga var fremst av dei tre priskonkurrentane.

– Tess avdeling Nordhordland er i gang med utviding av hovudbasen på Mongstad, har starta avdeling i Alversund, og i 2010 også opna avdeling i Sløvåg i Gulen. Bedrifta har ekstra høgt fokus på personalpolitikk, med trivsel og vidareutvikling av eigne medarbeidarar som topp prioritet, las Margunn K. Bjørnestad opp frå juryen sine vurderingar.

I tillegg til regionbanksjef Bjørnestad, har også dagleg leiar i Nordhordland handverk- og industrilag Svein M. Nordvik vore med i juryen, og redaktør i Strilen Hans Egil Storheim.

– Stolte
– Me var stolte berre over å verta nominert til prisen, seier Hege Krossøy, som er driftsleiar ved Tess på Mongstad.

Ho tok i mot prisen på vegner av bedrifta, av di dagleg leiar Janne Hellebø er i USA i samband med jobben.

– Når me først var nominerte hadde me eit håp om å vinna, men me trudde det ikkje.

Juryen har vurdert fleire enn dei tre som vart nominerte, og det har vore ein tett kamp om å komma fram til først tre nominerte og deretter ein vinnar.

– No er me i Tess berre kjempeglade, seier Krossøy, som etter prisutdelinga kunne sanka gratulasjonar både frå kollegaer i Tess og dei andre gjestene på årsmiddagen.

Bratt auke
Tess avdeling Nordhordland har opplevd ein bratt auke dei siste åra, både i talet på tilsette og i omsetnad. I dag har verksemda tjue medarbeidarar fordelt på dei tre avdelingane i distriktet, 25 år etter starten på Mongstad.

– Den flotte utviklinga er eit resultat av godt lagarbeid, med positive pådrivarar som gjev meir enn forventa, seier Krossøy.

Med seg til kontoret på Mongstad fekk ho glaskunst laga av Turid Grov. Grov er frå Lindås, men har no verkstad i Sandnessjøen.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

    – Spesielt å stå på toppen

    – Spesielt å stå på toppen

    Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

      Lindås-Bør bør opplevast

      Lindås-Bør bør opplevast

      Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

        Hipp hipp hipp hurra!

        Hipp hipp hipp hurra!

        Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

          «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

          «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

          MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

            Meland veks fortast

            Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

              Siste kortnytt