Strilen / Nyheter / Tok farvel med to solstrålar
Brukernavn 
Passord 
 
Tok farvel med to solstrålar

Tok farvel med to solstrålar

Del | |

Heile Masfjorden var med og minna Kjersti (18) og Renate (16) under gravferda frå Sandnes kyrkje fredag.

Publisert 17.12.10 17:33
Endret 17.12.10 17:33

Familie, venner og kjende samla seg på Sandnes for å ta farvel med Kjersti (18) og Renate (16) Sleire Holmaas, som omkom i trafikkulukka ved Ostereidet førre fredag.

Gav varme og lys
– Me er så stolte over å ha fått lov til å vera mamma og pappa til dykk, sa far til jentene, Ivar Holmaas i sitt minneord.

– De var to av solstrålane våre. Solstrålar som gav varme og lys til alt me gjorde. Til livet vårt. Saknet er så ufatteleg tungt å bera. Finst det ein Gud, skal de bu hjå han no. Finst det ein himmel, skal me møtast att der.

Gravferda fann stad frå Sandnes kyrkje fredag klokka 12. Gravferdssermonien vart direkte overført på storskjerm i skulegymsalen, kommune-styresalen og til meinigheitssalen, for det var ikkje plass i kyrkja til alle som ville ta farvel til dei to livsglade  jentene.

Bygda i sorg
Flagga var på halv stang i heile Masfjorden fredag. Kring fem hundre familie, venner og kjente følgde jentene de til graven.

– Det er ufatteleg at Kjersti og Renate er borte. Dei vart brått og tragisk tatt frå oss Me er ei lita bygd og me er tett på kvarandre. Denne forferdelege hendinga opptek oss veldig. Me må prøva å hjelpa familien, som har mista to flotte døtre, i denne vanskelige situasjonen, sa sokneprest Knut Fredrik Sørheim til Strilen før gravferda.

Minnast gode år
Familien ønskja at Kjersti og Renate sine liv, ikkje død, skulle prega dagen.

Dei to søstrene vaks opp på eit småbruk på Kvamme i Masfjorden.

Song og musikk var ein stor del av liva deira. Musikk vart og ein viktig del av gravferda. Det var eit spesielt augneblink då Pie Jesu vart fremført. Renate skulle eigentleg ha sunge denne på julekonserten i Sandnes kyrkje denne helga.

Jentene var no elevar ved Knarvik vidaregåande skule, Kjersti på tredje og Renate på første året. Renate sine klassekameratar frå Knarvik vidaregåande skule, var nokre av dei som delte sine minner frå alle dei gode åra. Spesielt hugsa dei hennar nydelige songstemme.

– Kanskje du kunne vorte ei songstjerne. No er du ei stjerne på himmelen, sa ein av klassekameratane.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

    – Spesielt å stå på toppen

    – Spesielt å stå på toppen

    Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

      Lindås-Bør bør opplevast

      Lindås-Bør bør opplevast

      Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

        Hipp hipp hipp hurra!

        Hipp hipp hipp hurra!

        Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

          «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

          «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

          MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

            Meland veks fortast

            Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

              Siste kortnytt