Tok prisen
Firda Sjøfarmer er Årets Bedrift.
Endret 19.04.10 18:05
– Det er viktig å ikkje slutta å ta sjansar, sa gründer Ola Braanaas (t.h på bildet) etter at Firda Sjøfarmer vart tildelt prisen som Årets Bedrift.
Selskapet fekk prisen på årsfesten til Nordhordland Handverk og Industrilag i Bergen laurdag, med Meland Arbeidssenter as og Knarvik Senterutvikling as som utfordrarar.
Prisen, for Årets Bedrift 2009, vart delt ut for 23. gong av Strilen og Sparebanken Vest. Profil og omdømme utetter, marknadsføring, produktutvikling, omstilling og nytenking er nokre av kriteria, saman med økonomisk resultat og skaping av arbeidsplassar.
– Effektiv leiing
I grunngjevinga frå juryen viste regionbanksjef Jon Arild Hellebust til at vinnaren er ei bedrift med ein liten og effektiv organisasjon.
Juryen la vekt på at selskapet har bygd seg stegvis opp og posisjonert seg på ein måte som gjer at ein no kan nyta godt av gode tider i oppdrettsbransjen.
«Samstundes har selskapet framleis eit gründerpreg og er i gang med nye planar om utbygging. Eigaren har og medverka til å setja kommunen på dagsorden på ein offensiv og positiv måte», avsluttar juryen si grunngjeving.
– Fortent
Det var eigar Ola Braanaas som takka for tildelinga.
– Me ser at dei to andre nominerte er gode bedrifter, men me føler at me fortener prisen, sa Braanaas.
Han viste til at det vert lagt ned veldig mykje energi for å driva selskapet.
I takketalen retta Braanaas ei takk til adm. dir. Carl Erik Arnesen og alle dei andre tilsette.
– Ikkje mett
Braanaas viste til eit nyleg besøk i Latvia. Der hadde han opplevd at vikingane vart heidra, også norske vikingar, som til ei viss grad kan samanliknast med dagens oppdrettarar, som «erobrar verda» med laks og aure.
– Samstundes er det viktig å ikkje gje seg med å ta sjansar etter å ha oppnådd suksess, sa Braanaas.
Han viste til at selskapet i fjor hadde eit knallgodt år med kring 450 millionar kroner i omsetning og eit overskot på kring 100 millionar.
Sjekk på 30.000 kr
I juryen for årets bedrift har vore regionbanksjef Hellebust i Sparebank Vest, redaktør Hans E. Storheim i Strilen og dagleg leiar Svein M. Nordvik i Industrilaget. Nordvik kunne også gle seg over ein sjekk på 30.000 kroner frå banken til Industrilaget. Den skal gå til eit samråd om kompetansen mellom skuleverket og næringslivet i Knarvik 28. april.
Berre kulturskulen kan redda kyrkjekjellaren
KNARVIK: Formannskapet vil byggja kyrkja utan ferdig kjellar, med mindre kulturskulen kan komma inn som leigetakar.
Begeistra som lama i fårikål
KNARVIK: – Å få japanarane til å bruka laks i sushi, var som å føreslå lama i fårikålen. Men me klarte det.
Snøggbåten ut på anbod
Fylkesutvalet har bestemt at snøggbåtruta på strekninga Knarvik-Frekhaug-Bergen skal lysast ut på anbod.
Til toppjobb i Bergen
Elin Folgerø Styve er tilsett som kommunikasjonsdirektør for Høgskolen i Bergen.
Reven tek for seg av lamma
I fjor mista enkelte bønder 30-35 lam kvar på grunn av rev. No bed Lindås og Meland sau og geit om pengar til å leiga inn jeger.
Siste kortnytt
- Ope møte om Austrheim vidaregåande skule [26.01.12 15:40]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
- Brann i vedkorg [23.01.12 13:01]
- Stakk frå drosjerekninga [23.01.12 13:03]
- Banka opp i Isdalstø [22.01.12 10:25]
- Utfor i 60-sona [22.01.12 10:19]
- Mistenkjer fyllekjøring [21.01.12 11:54]
- Mikrobølgjeomn tok fyr [20.01.12 18:06]
- Hamna utfor på Mongstad [20.01.12 18:05]
- Garderobetjuv stal tre mobilar [20.01.12 18:04]
- Julepakke treng eigar [18.01.12 16:50]
- Pipebrann [18.01.12 16:49]
- Hengde seg fast i stabbestein [18.01.12 16:49]
- Utfor på Litlebergen [13.01.12 16:51]
- Fekk prikkane han mangla [13.01.12 16:16]
- Stal og krasja bil [13.01.12 16:15]
Mest lest
- Dødsulukke nyttårsnatta [01.01.12 15:24]
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Miste livet i frontkollisjon [03.01.12 12:07]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- Startar nyåret med ny butikk [05.01.12 14:27]
- Delfinar på julebesøk [31.12.11 13:57]
- Treffsikre typar med eige studio [02.01.12 09:31]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Med i draumekorps [04.01.12 17:15]
- Gjev ut plate for å hjelpa [03.01.12 12:11]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]




