– Useriøst å påstå dårleg vedlikehald
Statoil Mongstad reagerer på kritikk frå Norges Miljøvernforbund.
Endret 13.10.11 10:15
– Når Norges Miljøvernforbund ein time etter hendinga går ut og påstår at årsaka ligg i dårleg vedlikehald, ser me dette som useriøst.
Det seier Statoil Mongstad sin informasjonsleiar Jon Halstein Tjore etter utsleppet av olje og evakuering av alle tilsette måndag.
«Eit lita hending»
Etter nærare undersøkingar viser det seg at det var ti liter olje som lak ut via ein flens på koksanlegget. Sidan olja var oppvarma, var det ein viss fare for antenning.
– Og ut frå den låge terskelen me har for personellet sin tryggleik, vart alle 380 som var på jobb evakuerte, seier Tjore.
Han seier at Statoil karakteriserer dette som «ei lita hending».
– Det var verken utslepp til miljø eller skadar på personell eller materiell. Dette er ein operasjon som ein gjer mange gonger for året. Me går vidare med å kartleggja årsaka til at det lak ut olje, seier Tjore.
Kuttar ikkje vedlikehald
– Kva seier du til at Norges Miljøvernforbund fryktar dårleg vedlikehald sidan Statoil Mongstad går med underskot?
– Vår klare politikk er at innsparingar ikkje skal gå ut over vedlikehaldet. Det viser me i praksis ved at programmet for overflatebehandling går vidare som planlagt, trass vanskelege økonomiske tider, seier Jon Halstein Tjore.
Stiller spørsmål
Norges Miljøvernforbund er kritisk til om Statoil tek uønskte hendingar alvorleg nok.
«Vi stiller spørsmål om kor alvorlig ei hending må bli for at informasjonsleiar Tjore kan innrømma at ein har hatt ei alvorlig hending?! Når det går liv tapt ved anlegget, når alt liv i sjøområdet døyr eller når Mongstadområdet er ein saga blott?!»
Det spør Marita Bru i den lokale nærmiljøgruppa av Norges Miljøvernforbund i eit innlegg Strilen har fått etter utsleppet.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Lindås-Bør bør opplevast
Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.
Siste kortnytt
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]






