Vann første runde
Fleirtalet i levekårsutvalet støttar utsett nedlegging av Skodvin skule. Men med Ap og Frp mot, går det mot ein ny thriller i kommunestyret.
Endret 25.08.10 16:50
– Skodvin ber oss berre venta eitt år med å leggja ned skulen, slik at me slepp å flytta på ungane. Eg vil ha betre svar frå Frp kvifor dei ikkje er med på det, sa Lene Fløysand (Sp).
– Nei, eg vil ikkje svara!
– Kva med samarbeidsavtalen som seier at alle tre partia er positive til privatskular? spurde leiar May Eva Sandvik (H).
– Samarbeidsavtalen trur eg me tar på kammerset!
Spørsmåla og svara frå Gudmund Husdal (Frp) viste litt av temperaturen då Skodvin sin utsetjingssøknad var oppe. Ønsket er å få ha Skodvin skule eitt år ekstra, slikt at elevar som vil det, kan gå direkte over i ein privat skule.
Kva med avtalen?
Både Høgre og til dels KrF gjekk i strupen på Frp som dei er i koalisjon med. May Eva Sandvik rosa engasjementet for ein privatskule på Skodvin.
– I hovudet mitt er det ikkje eitt argument for å seia nei til søknaden, sa Sandvik.
Randi Hella Træland (H) argumenterte også sterkt for foreldra sitt engasjement og søknaden om å utsetja nedlegginga av Skodvin skule eitt år. Då slepp elevar å flytta tilbake frå Lindås.
– Frp er for fridom til å velja. Då er det dårleg strategi å ikkje imøtekoma søknaden, sa Hella Træland.
– Dette er ikkje ein søknad me støttar for å få omkamp om nedlegging, presiserte Arne Ramslien (KrF).
Også han ville støtta søknaden ut frå at han sjølv og partiet er positiv til private skular.
– Eg har full tillit til foreldregruppa. Me må leggja til rette for at borna ikkje vert rivne opp med rot, sa Ramslien.
Ønskjer lukke til
Leidulv Brunborg (Ap) gjorde det klart at han støttar rådmannen, som er svært negativ til å imøtekoma Skodvin-søknaden.
– På møtet med foreldregruppa fekk eg ein direkte info om at det eigentlege motivet er å behalda Skodvin som kommunal skule, sa Brunborg.
Han gjorde det klart at Ap ut frå faglege argument ikkje er mot ein Montessoriskule, og at ein vil ønskja ei slik satsing lukke til.
Nye rundar
Avrøystinga viste fem for søknaden. Etter ein heftig debatt var det Høgre, KrF og Sp som støtta søknaden.
Frp og Ap sine tre støtta rådmannen i at søknaden må avvisast. I dag er det klart for ein ny runde, i formannskapet, før det kan verta ein ny thriller i kommunestyret i september.
Tryggleik
Foreldra til kring 90 prosent av Skodvin-borna har meldt interesse for ein privatskule.
– Når enkelte argumenterer med tryggleik som viktig argument, er også rådmannen opptatt av det. Kommunestyret gjorde eit vedtak i juni, og gjennomføringa av det er i gang. Dette vil skapa tryggleik både for elevar, foreldre og tilsette, uttalte saksbehandlar Anne Wergeland til Strilen etter behandlinga.
Ho viser og til at arbeidet med å pussa opp Lindås barneskule alt er i gang.
– Å stoppa dette arbeidet vil skapa utryggleik, seier Wergeland.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






