Vardebrenning fekk TV-dekning
GULEN: Med TV2 på plass i Gulen vart det god blest om ei landsomfattande vardebrenning mot vindmøller.
Endret 05.04.10 17:10
– I Eivindvik måtte me flytta brenninga frå Tverrfjellet til Mikkelfjellet eit stykke ovanfor Gulatingsstaden. Grunnen var for mykje snø i den øvre delen av stien, opplyser Leiv Henriksbø i Nettverk mot vindmøller i Gulen.
Men flyttinga hindra ikkje at TV2 vart med og gjorde opptak av brenninga, opptak som gjekk på nyheitene same kvelden, skjærtorsdag.
Fleire aktørar
Men ikkje fleire enn ni personar var med på markeringa som fekk TV-dekning.
– Når det gjeld Nordgulen, var det betre frammøte, i og med at såpass mange som 17 personar var med her. I tillegg var det ni personar som var dårlege til beins som laga sitt eige bål nede i bygda, opplyser Henriksbø.
Situasjonen i Nordgulen er litt spesiell, i og med at det her er to vindkraftselskap som konkurrerer om omtrent det same fjellområdet (SAE-Vind og Zephyr).
Hittil har fleirtalet av grunneigarane nekta å inngå avtale med nokon av dei.
– Fortørna
– Fylkesdelplanen ser ut til å vera svært bra for resten av fylket, men me i Nettverk mot vindmøller i Gulen er svært fortørna over at kommunen vår har kome så dårleg ut i denne planen, seier Henriksbø.
– Nesten 70 prosent av Gulen skal vera eigna til vindkraftområde. Viss alle desse områda vert utbygde, skal Gulen produsera 900 MW, medan resten av fylket berre skal produsere 650 MW samla. Det vert sendt inn innspel når denne planen går ut på høyring i slutten av april, opplyser han.
Landsorganisasjonen «Stopp Rasering av Kysten» mobiliserte også i Troms, Nordland, Nord- og Sør-Trøndelag, Møre og Romsdal, Hordaland, Rogaland og Vest-Agder med protestar mot kystbaserte vindturbinar.
– Folk i kystfylka vil ha slutt på at grådige kraftselskap tar seg til rette. Kystbasert vindkraft er ein katastrofe, heiter det i ein uttale frå leiaren i organisasjonen, Hallvard Slettevoll, som vurderer markeringa som vellukka.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






