Strilen / Nyheter / Vil gje Skodvin eit venteår
Brukernavn 
Passord 
 

Vil gje Skodvin eit venteår

LINDÅS: Formannskapet gjekk torsdag inn for å venta eit år med nedlegginga av Skodvin skule, med 6 mot 3 røyster.

Publisert 26.08.10 21:15
Endret 26.08.10 21:14

Men saka er ikkje avgjort, og når kommunestyret skal avgjera spørsmålet kan det snu. 
I formannskapet var det Ap og Frp som sa nei til å gje skulen eit ekstra leveår, slik foreldregruppa har bedt om i samband med at det er søkt om oppstart av ein privatskule etter Montessori-modellen.

Kommunestyret i Lindås sa i juni at skulen skulle leggjast ned frå skuleåret 2011/2012, det vart vedteke med røystene frå nettopp Ap og Frp, og Unni Sæbø som stemte mot resten av Høgre-gruppa. Desse to partigruppene og Sæbø har fleirtal om dei stemmer likeeins når utsettingssøknaden kjem opp i kommunestyret 16. september.

Det gjekk varmt under debatten i formannskapet torsdag, der Frp og Ap meinte dei andre partia dreiv med omkamp av skuleplanen. Høgre, Sp, Venstre og KrF svara med at dei berre ville det beste for elevane i den situasjonen som no har oppstått.

Les om debatten og skulesituasjonen i Strilen laurdag. 


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler