Strilen / Nyheter / Vil ha lang tunnel bak Vikanes
Brukernavn 
Passord 
 
Vil ha lang tunnel bak Vikanes

Vil ha lang tunnel bak Vikanes

LINDÅS: Statens vegvesen vil la ein lang tunnel erstatta flaskehalsen på E39 frå Eikefet til Romarheim, alternativ 8 på skissa. Prisen er 799 millionar kroner.

Publisert 31.07.10 17:11
Endret 31.07.10 17:07

Etter at strekninga frå Gamlesætra til Nipetjønn vart  opna i september 2008, har Eikefet-Romarheim stått som siste biten med smal veg. Når denne vert fornya, er det gul stripe heile vegen frå Bergen til Oppedal ferjekai.

Planen er klar
Statens vegvesen har utarbeidd eit framlegg til kommunedelplan for vegprosjektet, og dette framlegget er oversendt til Lindås kommune.
Kommunen skal gjera vedtak om offentleg ettersyn av planen, og etter denne høyringsrunden vert det så endeleg avgjort kva trasé som skal brukast.
– Me har antyda kva trasé me meiner er best, men endeleg tilråding kjem først etter høyringsrunden, seier Erik Neergaard i Statens vegvesen.
Neergaard er planansvarleg for ny veg frå Eikefet til Romarheim. Arbeidet kjem også til å omfatta ei opprusting av eksisterande veg i Romarheimsdalen fram til Gamlesætra, slik at denne mellombiten får like god standard.

Klar om ti år?
Prosjektet har kome med i nasjonal transportplan (NTP), men i den delen som ligg lengst fram i tid.
– Det er vanskeleg å seia når det kan verta byggjestart, men det vert vel ikkje dei første fire-fem åra, seier Neer-gaard.
Han reknar med at prosjektet har fire-fem års byggjetid, så dermed kan ein sleppa unna Vetle Urdal-tunnelen i 2020 eller deromkring.

Ikkje samfunnsnytte
Dei ulike alternativa som har overlevd heilt fram til slutten av planprosessen, er kostnadsrekna til mellom 736 og 898 millionar kroner. Alternativet som Statens vegvesen rår til, er nest dyrast med sine 799 millionar. Det er rekna på kva samfunnsnytte vegutbetringa vil ha, og her kjem alle alternativa ut med ein klar minus. Best vert det med alternativ 8, det som vegvesenet vil ha. Der er det rekna ut at trafikantar og transportbrukarar vil få ei innsparing på 255 millionar kroner i løpet av ein periode på 25 år.

To kilometer kortare
Dei aller fleste som brukar denne vegen, skal vidare, anten det no er til Masfjorden eller vidare til Oppedal og Sogn. Alternativ 8 vil innebera at vegen vert korta med 2050 meter, og dermed også nokre minuttar i kjøretid. Dette er det kortaste alternativet av dei som har vore med til siste del av utgreiingsprosessen.
Dette framlegget inneber at ein slår ny tunnel med start 5-600 meter inne i Eikefettun-nelen, og så med ein sving til venstre (når ein kjem innover mot Vikanes).
Tunnelen kjem ut i dalen og kryssar Eikefetelva, før det vert ein ny lang tunnel som skal strekkja seg heilt til Romarheim, om lag seks kilometer lang. Her kjem den ut om lag 300 meter nord for Romarheim bru. Eksisterande veg forbi Vikanes vert lokalveg, med kryss og tilkomst til E39 både på?Eikefet og Romarheim.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler