Vil hjelpa andre
Minst 50.000 menneske i Noreg, slit med å sitja på ein stol. Lise Øpsen Eikeland i Meland vil gjerne ha fokus på problemet.
Endret 05.06.10 10:01
Å ta ein tur på kafé, gå i kyrkja eller reisa på ferietur til eit anna land er gode dei fleste kan unna seg. Men har du smerter i rygg eller bekkenet, kan sjølv ein handletur til butikken by på store problem. For kva gjer du eigentleg dersom du har så vondt at du ikkje klarer å sitja på ein stol?
– Kom gradvis
– Eg trur ikkje folk flest har tenkt tanken eingong, seier Lise Øpsen Eikeland.
Ho har slite med smerter i bekkenet og ryggen i mange år.
– Smertene kom gradvis på 1980-talet og vart verre etter kvart. Dei siste 14 åra har eg hatt store problem med å sitja oppreist. Det kan gå ei kort stund, men då har eg så vondt at eg ikkje klarer å registrera noko anna rundt meg. Vert det for lenge om gongen vert smertene så intense at eg svimar av, seier Eikeland.
I følgje rikstrygdeverket slit 50.000 nordmenn med sitjehemning i kortare eller lengre periodar. Men denne type handikap er lite kjent blant folk flest. Det gjev ekstra utfordringar.
– Vil hjelpa andre
Personar som ikkje kan sitja oppreist, kan vanskeleg reisa med fly eller andre typar offentleg transport. Dei kan også oppleva at folk protesterer eller ønskjer å visa dei bort om dei stiller med seng eller liggestol for å vera med på noko.
– Folk trur ofte at du tullar. Eg prøvde til dømes å finna ein frisør som ville klippa meg, men har enno ikkje lukkast å finna nokon som aksepterer at eg kan sitja bakoverlent i ein stol.
Ein tur i kyrkja er også vanskeleg å få til. Det er eit stort sakn for meg, seier Eikeland.
Ho vil gjerne fortelja si historie for å hjelpa andre i same situasjon.
– Eg har akseptert situasjonen og ønskjer ikkje at folk skal synast synd på meg. Livet har mange kvalitetar og det er mykje å gle seg over, men eg vil gjerne setja fokus på problema som folk med sitjehemning møter i samfunnet, seier ho.
Sjølv om Eikeland har slite med ryggen i mange år, var det først nyleg at ho vart merksam på at det finst ei eiga interesseforeining for folk med kroniske smerter og sitjehemming.
– I mange år har eg følt at eg har levd på ei aude øy, men så kom eg over ein artikkel i Handikapnytt. Først då vart eg klar over at me var mange i same båt. Det var faktisk først nyleg at eg vart kjent med dette omgrepet sitjehemning, sjølv om eg har slite med dette i mange år. Eg trur det er andre der ute som er i same situasjon som meg, og dei må gjerne ta kontakt om dei lurer på noko. Det kan bety mykje å vita at du ikkje er den einaste som slit med dette, seier ho.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






