Vil satsa på revefarm
MELAND: Etter to års prøvedrift kan det no verta fast revefarm på Røyset.
Endret 11.03.10 12:31
I dag har Cecilie Brandt revetispa Musemor og om lag 50 andre revar på garden på Røyset. Men ho vil gjerne ha fleire sølv- og blårevar.
– Planen er å reisa eit nybygg på 8 x 35 meter til kring 600.000 kroner, opplyser Brandt og sambuar Henning Wilhelmsen.
Det er Henning Wilhelmsen som står som søkjar om byggjeløyve til kommunen.
Byggjemelding og to klagar har nyleg kome inn, utan at kommunen har starta å behandla verken søknad eller klager.
Teikningane kommunen har fått, er utarbeidde av Norges Pelsdyralslag og viser eit fire rekkjers pelsdyrhus med betong i gangareal.
– Føleri og fordommar
Når det gjeld motstanden mot pelsdyrhald. handlar det mykje om «føleri og dobbeltmoral», seier Brandt på ein blogg ho har oppretta.
På bloggen fortel Cecilie Brandt om daglege gjeremål i revehuset, der det no er brunst- og paringstid.
«Eg gler meg til å gå i revehuset, sjølv om eg av og til tenkjer med vemod på dei som har så mange og sterke meiningar om denne næringa», skriv Brandt blant anna.
På bloggen har ho ikkje lagt ut det ho ser som sjikane frå pelsdyrmotstandarar. Brandt har også invitert motstandarar til å melda seg inn i Facebook-gruppa «Støtt pelsdyroppdretterne».
Her måtte ho blokkera fire medlemer avdi dei etter hennar syn gjekk over streken med kommentarar og dreiv sjikane av andre medlemer.
– Var lokal næring
«Korleis kan dei påstå at dei kjempar for pelsdyra når dei vil leggja ned pelsdyroppdrett i Noreg»? spør Cecilie Brandt i bloggen. Då vil oppdrettet skje i andre land, utan reglar og dyrevernslov som i Noreg.
Sambuar Henning Wilhelmsen reagerer på at eine klagaren påstår at pelsdyrfarm ikkje har lange tradisjonar i Meland.
– Lindås og Meland var blant kommunane som var først ute her i landet i denne næringa. I Meland låg oppdretta tett, seier Wilhelmsen.
«Lam og svin luksus»
Brandt viser på bloggen til at «motstandarane definerer lam og svin som nødvendig mat, medan pels vert deinert som pynt».
– Det er dobbelmoral. Lam og svin og egg er ikkje nødvendig mat, det er luksus, skriv Brandt på bloggen sin.
Ho viser til at det er 300 gardar her i landet med pelsdyr, men 12000 bruk med sau, 13000 med kyr, 5000 med svin og 2000 med verpehøner.
«Dersom nokon hadde ført statistikkar for dei skadde dyr i dei tradisjonelle driftsformene, er det garantert fleire dyr som lir i det tradisnonelle landbruket enn i pelsnæringa», skriv Cecilie Brandt.
Naboar klagar på lukt og rotter
Fleire naboar har klaga på at prøvedrifta går over til ein permanent revefarm. Begge klagene nemner faren for lukt og rotter.
Lukt «er til stor ulempe i spesielle periodar som for eksempel gjennom brunst, kvalpeperiode og periodar med mykje fuktigheit», heiter det i eine klagen, der det vert vist til at verdien av eigedommen kan verta forrunga.
Ein klage via advokat nemner at ein nabo «har opplevd at produksjonen er til stor sjenanse». Her vert det antyda at farmen heller kan plasserast i utmarka.
Søkjarane synest ikkje det er hyggeleg med naboklager, men vil få med seg Norges Pelsdyralslag til å svara på og argumentera mot klagene.
– Det er jo ingen som vil ha problem med naboane! Men med dagens strenge krav for pelsdyroppdrett føler med oss sikre på at naboane ikkje vil ha grunn til å klaga når drifta kjem i gang, seier dei to.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






