Strilen / Nyheter / Vil visa lyset i tunnelen
Brukernavn 
Passord 
 
Vil visa lyset i tunnelen

Vil visa lyset i tunnelen

Alle kan oppleva mørke og tunge ­periodar. Grethe ­Siljuholtet kom seg vidare, no vil ho hjelpa andre.

Publisert 26.08.10 11:57
Endret 26.08.10 11:42

– Lyset kan vera nærare enn ein trur, seier Grethe Siljuholtet.

Hennar «tunnel» var perioden då ho tolte mindre og mindre lys. Ein medfødd sjukdom gjer Siljuholtet var for lys, og då sjukdommen forverra seg måtte ho slutta i jobben sin.

– Håpet mitt er at eg kan gjera dette rommet til eit lite senter for framtid og håp, seier ho og ser seg rundt i lokalet på Flatøy.

Vasskokaren står klar, stolane er passeleg mjuke å sitja i, og tvers over bordet eit menneske med øving i å lytta.

– Eg tek vakter ved Kirkens SOS sin telefon, og arbeidet der har lært meg at det å vera til hjelp for andre, ikkje er så vanskeleg som vi ofte trur.

Gå saman
Siljuholtet er klar på at ho ikkje ønskjer å ha noko rådgjevingsrolle ovanfor dei som kjem. Men ho kan vera med på den vegen som folk må gå, som ein nøytral samtalepartnar. Ho ønskjer å vera ein god lyttar og møte kvar enkelt med respekt. Men folk må til sist gjera sine egne val, seier ho,

– Eg kan ikkje lova løysingar og svar. Men eg kan gå saman med dei gjennom det mørke, og kanskje stilla nokre spørsmål som opnar opp for nye tankar, seier Siljuholtet.

Det kan vera lite som skal til for å få eit glimt av lys inn i dei mørke felta.
– Berre det å seia til folk at dei er verdifulle som den dei er, kan vera nok til å få tårene fram. I dag er det mange som må skunda seg anten det er på arbeid eller skule, og dei gløymer at dei er verdifulle som den dei er, og ikkje berre for det dei gjer.

På den andre sida kan det vera at tunnelen er lengre, det er ein motbakke ein berre må gjera unna.
– For mange handlar det om å tola å vera i smerte. Det er ikkje i alle liv det er ei løysing på kort sikt.

Starta sjølv
Med støtte frå Nav tok Siljuholtet utdanning både som vegleiar og familieterapeut.

– Eg er faktisk ein av dei som er takksam til Nav, seier Siljuholtet.

– No har eg leigd lokale i dei tidlegare butikklokala på Flatøy, akkurat passe stort og akkurat passe usjenert.

– Skulle eg få bruka utdanninga måtte eg starta for meg sjølv. Denne plassen er ideell, her kan folk komma og gå utan at dei treffer så mange andre, slik det hadde vore om eg hadde hatt plass i eit senter.

Finna støtte
Siljuholtet er oppteken av at folk må sjå utanom det tradisjonelle biletet når dei skal finna andre å støtta seg til. Eit bilete ho har på kontoret, viser mange hjarte som er knytte saman med band på kryss og tvers.

– Når folk tenkjer etter, har dei ofte fleire gode relasjonar enn dei trur. Når ein tenkjer gjennom kven det er som betyr noko for ein, er det ofte fleire enn berre mor og far, seier Siljuholtet.

– I dei tilfella der ektefellen eller foreldra ikkje er så nære som ein skulle håpa, finnest det ofte andre i omgangskretsen som ein kan løfta fram.

Og manglar ein nokon å støtta seg på, har Siljuholtet ei open dør.
– Tilbodet mitt vil kunna avlasta familie og nettverk. Når me har det vanskeleg, kan familien og nettverket bli trøytte og oppbrukte. Da kan det være ein god idé å ta ein tur innom ein slik som meg, smiler Siljuholtet

– Eg er ein nøytral person med teieplikt.

Motbakkar
Motbakkeløp har vore i vinden dei siste åra, men også i det daglege livet kan det vera bratte motbakkar.

– Ein må klara å hugsa på den kjensla ein får når bakken er unnagjort og ein står på toppen. Då får ein nyta utsynet, seier Siljuholtet, og legg til at dei tunge periodane kan gjera folk sterkare.

– Mørke periodar kan gje kraft og energi på litt sikt.

Siljuholtet er klar på det nye tilbodet ikkje skal vera i konkurranse med korkje fastlege eller psykologar. Det skal som namnet tilseier vera «Gode samtaler», og eit tilbod som kan utfylla det lege og psykolog kan tilby.

– Ein lege har kanskje knapt med tid til kvar pasient. Og det å gå til psykolog er kanskje ein høg terskel for mange. Eg ser på mitt tilbod som ein mellomstasjon, der folk kan kjenna litt etter kva dei treng. Dersom eg meiner det er nødvendig, vil eg ikkje nøla med å be folk ta kontakt med fastlegen sin for å få henvisning vidare, seier Grethe Siljuholtet.

Med nystarta kontor det viktig for Siljuholtet å øva inn tanken om at ting vert lagt att på kontoret. Ho kan ikkje ta alle tankane med seg heim.

– Eg tek sjølv i mot rettleiing frå ulike nettverksgrupper, seier ho.
– Dette er helt nødvendig for å gjere ein god jobb i denne bransjen.

Fasar i livet
– Statistikken seier at det er tre spesielle fasar som familiar opplever som krevjande. Desse fasane er når det første barnet blir født, når ungdomane skal lausriva seg frå heimen, og når dei gamle treng pleie og hjelp.

Som ein gift 52-åring med to vaksne søner har Siljuholtet vore gjennom alle desse fasane.

Ikkje berre berga ekteskap
Siljuholtet har definert fire stolpar for arbeidet sitt, det er familieterapi, konfliktarbeid, tap og sorgprosessar og hjelp for psykopatoffer.

– Når folk høyrer at eg er familieterapeut, spøker dei gjerne med at eg skal redda ekteskap. Det vil eg gjerne være med på, smiler Siljuholtet.

– Men det kan like gjerne vera andre vegen, at folk treng hjelp til å avvikla ekteskapet på ein skikkeleg måte, legg ho til.

– Samtidig må eg få seia at mange avviklar ekteskapet for raskt, og så angrar på det etterpå.

Siljuholtet trur at problem innan samlivet ofte handlar om kor vanskeleg det er å få til god kommunikasjon.
– Kanskje leitar ein etter teikn på kjærleik, men så snakkar ein ikkje same «språk».

Både for familieterapien og dei andre arbeidsfelta håpar Siljuholtet å få i gang temakveldar og grupper, dei ein kan samla fleire for samtalar om kommunikasjon og relasjonskompetanse.

– Det hadde til dømes vore gøy å få i gang samlingar der ein også kan få inn ei humoristisk vinkling på ting, seier ho.

Utfordringar
Augesjukdomen som gjorde at Siljuholtet måtte slutta i arbeid, er ikkje kurert. Ho må leva med den, og det kan også forverra seg ytterlegare.

– Det er ikkje kjekt å vera så svaksynt, og er har mine «downs» eg også. Men det gjeld å sjå på det som ei utfordring, heller enn eit problem, seier Grethe Siljuholtet.

– Når eg kjem frå ein vakt på Kirkens SOS, reiser eg heim og er takksam over kor godt eg har det.
Det er god terapi for mange berre å fortelja historia si til andre.

– Hjå «Gode samtaler» kan folk få snakka om livet slik det kjennest akkurat no. Eg seier velkommen til alle som rett og slett treng nokon å snakka med, seier Grethe Siljuholtet.

Kanskje kan ein samtale visa veg ut av ein mørk tunnel. Det treng ikkje vera lenge att til opninga, om det er ein sving ser ein kanskje ikkje lyset sjølv om ein er like ved opninga.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler