Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

- Grove manglar i pleien ved Knarvik Sjukeheim

Del | |
LINDÅS: Pasientar ved Knarvik Sjukeheim lir av grov mangel på pleie, hevdar sjukepleiarforbundet. Ei rekkje skriftlege meldingar stadfestar situasjonen. Sjukefråværet har vore svært høgt i det siste.
Publisert 13.01.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49

? Det er mange såkalla avviksmeldingar om at dei eldre ikkje får god nok pleie, seier Arnhild Haugland Tvete, som er lokal leiar i Norsk Sjukepleier Forbund.

Haugland Tvete viser til at avvika i stor grad oppstår kring pasientane sine rettar til å få god nok tid til å innta mat og drikke. Om ein pasient til dømes får for lite væske, kan dette i verste fall gje inntørking. Slike tilfelle vil også kunna gripast fatt i av tilsynslegen for sjukeheimen.

I brevet som er sendt til ordførar og rådmann, nemner sjukepleiarforbundet følgjande kritikkverdige tilhøve:

? Pasientar som ein ikkje har nok tid til å mata.

? Planlagde liggedagar i mangel av personale.

? Pasientar må venta til kl. 12.00 med å stå opp.

«Dette er klare brot på krava som helsepersonellova set til fagleg forsvarleg og omsorgsfull hjelp», heiter det i brevet.

Brevet viser direkte til eit oppslag i Strilen i desember der situasjonen ved Knarvik Sjukeheim vert omtalt.

Haugland Tvete peikar også på at tilhøva ved Knarvik Sjukeheim er stikk i strid med rundskriv frå Sosial- og Helsedepartementet. Kvaliteten på tenestene til pasientane er kort og godt ikkje god nok, meiner forbundet å ha dokumentert.

 

Over fleire månader

«At ein enkeltståande dag kan gje slike tilstandar på ein sjukeheim når sjukdom i arbeidsstokken kjem brått på, er mogleg. Men her vert det oppfatta som ein tilstand som har strekt seg over fleire månader - og som kanskje er hovudårsaka til sjukdom hjå den enkelte tilsette, skriv Haugland Tvete.

I atikkelen i Strilen i desember vert det vist til aukande sjukefråvær ved sjukeheimen og store vanskar med å ha nok fagfolk til ei kvar tid.

 

Avventar tal

? Etter oppslaget i Strilen er aukande sjukefråvær ved sjukeheimen tatt opp i Arbeidsmiljø-utvalet. Leiargruppa i etaten drøftar også situasjonen i morgon fredag, opplyste ordførar Tove Brandvik (Ap) i formannskapet torsdag.

Brandvik opplyste at det så langt ikkje er klar konkrete tal som viser utviklinga i sjukefråværet. Strilen har også etterlyst slike tal, og tilbakemeldinga er at dei skal vera klar i slutten av januar.

Kommunalsjef Lillian Næss Brundtland nektar ikkje for at det er snakk om svikt i tilbodet til ein del av pasientane.

? Situasjonen ved Knarvik Sjukeheim er nokså kaotisk, men me har tilsvarande signal frå andre institusjonar etter å ha strama inn bemanninga. Me vil kartleggja dette nærare, seier Brundtland.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

    – Spesielt å stå på toppen

    – Spesielt å stå på toppen

    Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

      Lindås-Bør bør opplevast

      Lindås-Bør bør opplevast

      Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

        Hipp hipp hipp hurra!

        Hipp hipp hipp hurra!

        Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

          «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

          «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

          MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

            Meland veks fortast

            Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler