Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

? Alt grønt må verta byggeland!

Del | |
LINDÅS: Alt som i dag er landbruksareal i Gjervik og Alversund, bør i ein ny plan verta byggeland, meiner Jonny Eidsheim (FrP).
Publisert 09.03.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Eg reknar ikkje med at alle dei andre partia deler dette synet! Sjølv står eg for det. Det eg håpar er at alle grunneigarar engasjerer seg og kjem med innspel til kommunedelplanen, som no er ute på høyring. Planen skal fastsetja arealbruk heilt fram til 2019, seier Eidsheim.
Han stiller gjerne opp ved ein grøn bø på Tveiten for å visa areal han meiner trengst til andre ting enn landbruk.
I planutvalet onsdag gjorde Eidsheim også klar sin ståstad om å bruka landbruksareal til utbygging av blant anna bustader.
Frisøren frå Gjervik, som leia møtet i utvalet, fekk då denne kommentaren frå gardbrukar Sveinung Valle (Ap) frå Seim:
? Det er skilnad på å klippa seg og kutta av seg hovudet!

Treng areal
Når Eidsheim torsdag er med Strilen ein tur til Tveiten i Alversund, utdjupar han det han argumenterte for i planutvalet. Han peikar over mot andre sida av sundet - mot Hillandfeltet.
? Sjå alle husa. Kor skal alle borna der bu? spør Eidsheim.
Han er overtydd om at gardane i Alversund og Gjervik som er med i kommunedelplanen, bør takast til byggeland.
? Desse smågardane er ikkje brukande til anna enn byggeland. Eg veit det vil koma innvendingar mot eit slikt syn. Men desse gardane er veldig små. Dei større gardane i Lindås ligg andre stader, og dei må me vurdera å sikra for framtida, seier kommunestyremedlemen og nestleiaren i planutvalet.
Han viser til at eit klart fleirtal i planutvalet onsdag støtta søknaden frå Olav Kåre Vatnøy om å omregulera eit småbruk i Gjervik til næringsareal. Eidsheim legg ikkje skjul på at han meiner alt disponibelt areal lands E39 i dette området bør sikrast til næringsutbygging, ikkje til bustader.
Men når Frp-politikaren uttaler seg så bastant som han gjer, tek han også visse atterhald:
? Me i Frp er ikkje tilhengjar av å oreigna areal. Og skal areal gå til utbygging, må grunneigarane i alle høve ha skikkeleg betalt, seier Eidsheim.
Hans råd er at alle større grunneigarar engasjerer seg i planframlegget som no går ut til høyring.
? Det er for dumt i ettertid å oppdaga at planen føreslår å disponera eigedomen din til ei eller anna utbygging. Kjem ein med innspel, er det også lettare å påverka, seier Eidsheim.

Sjukeheim i Alversund?
På Tveiten peikar Eidsheim også på bakkane sør for den gamle sjukeheimen, som er eitt alternativ til ny ungdomsskule. Tomta ligg nokre hundre meter frå dagens 1-10 skule, og Eidsheim støttar dette alternativet om Alversund skal få ein eigen ungdomsskule.
? Planen som no går ut på høyring, seier at Knarvik får «ei bymessig utvikling». Etter mi meining må me då setja av nok plass til utbygging i Alversund. Det gjeld ikkje berre nye bustadfelt, men også til offentlege føremål. Kanskje Alversund skal få ein sjukeheim når den i Knarvik vert for liten, seier Eidsheim.

? Høghus i Knarvik
Jonny Eidsheim ser elles for seg at bygg i Knarvik etter kvart må gå meir i høgda.
? Eg noterte meg at ein som er oppvaksen i Knarvik ønskte seg einebustad nokså sentralt i Knarvik. Eg kan forstå eit slikt ønskje, men eg trur ikkje det er realistisk. Dei som ønskjer seg einebustad må no lengre bort frå Knarvik, til dømes i retning Leiknes og Seim, seier Eidsheim.
Sentralt i Knarvik og Alversund ser han for seg vidare bustadbygging meir og meir som lågblokker og kanskje enkelte høghus.

Kva seier Fylkesmannen?
Blant dei politikarane Eidsheim ikkje har heilt på si side, er Anne Lise Warberg (SV), frå Alverstraumen. I planutvalet kom ho med dette signalet:
? I Alversund vil me i alle høve ta vare på litt grønt!
Dei politiske skiljelinjene kom og fram under ei «prøverøysting». Langs bekkar og småelvar i området, skal det framleis vera 50 meter byggjefri sone, meiner fleirtalet i utvalet. Frp syntest 20 meter er nok, men vart ståande åleine om det.
? Her er det og ein balanse-gang i høve til kva regionale styresmakter godtek, påpeika saksbehandlaren for kommunedelplanen, Frøydis Ones.
? Ja, Fylkesmannen stoppar jo det meste! Det har me her i planutvalet opplevd nok av, kom det som eit hjartesukk frå Jonny Eidsheim.
Han seier i etterkant at han reagerer på at Fylkesmannen har stoppa fleire vedtak frå planutvalet i Lindås, sjølv om desse har vore samrøystes.
? Det føler eg har lite med lokaldemokrati å gjera, seier Eidsheim.
Grunneigarar og andre som vil påverka kommunedelplanen for Knarvik og Alversund, må gjera det i løpet av mars og april.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

    – Spesielt å stå på toppen

    – Spesielt å stå på toppen

    Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

      Lindås-Bør bør opplevast

      Lindås-Bør bør opplevast

      Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

        Hipp hipp hipp hurra!

        Hipp hipp hipp hurra!

        Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

          «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

          «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

          MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

            Meland veks fortast

            Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler