? Kvar barnehage bør ha ein styrar
LINDÅS: Utgangspunktet er at kvar lokale barnehage må ha ein styrar og at styrar bør vera mest mogleg tilstades i barnehagen, skriv Fylkesmannen til Lindås kommune.
Publisert 12.11.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Endret 20.08.07 10:49
? Dette er det same som Utdanningsforbundet i Lindås har hevda heile tida, seier leiar i forbundet, Laila Rydland.
Torsdag var dei på besøk hjå ordførar Tove Linnea Brandvik for å få vita kva politikarane si rolle i omorganiseringsprosessen er.
? Bryt lova
Forbundet meiner at Lindås kommune bryt barnehagelova dersom dei gjennomfører planane om at ein styrar skal ha ansvaret for fleire barnehagar. Rydland seier at Fylkesmannen stadfestar dette i brevet til kommunen. Politikarane har ansvar for at kommunen følgjer lova, og difor meiner Rydland at det er viktig at dei kjem på bana i omorganiseringsprosessen.
Brevet frå Fylkesmannen er på fleire sider, og dei viser mellom anna til fleire lovparagrafar og tolking av desse. I ein av merknadene skriv Fylkesmannen følgjande:
«Med bakgrunn i det kommunen har opplyst om avstanden mellom dei geografiske barnehageavdelingane, legg Fylkesmannen etter dette til grunn av kvar av dei geografiske avdelingane Haugen, Kolås, Ostereidet, Juvikstølen og Alversund utgjer ein barnehage i barnehageloven sin forstand».
Politikarane på bana
Utdanningsforbundet stiller seg uforståande til korleis politikarane kan sjå på det som skjer utan å drøfta rådmannen sin plan i kommunestyret. Dei har skrive eit brev til politikarane i Lindås med følgjande spørsmål til gruppeleiarane for dei ulike partia i kommunen: Har gruppa drøfta rådmannen sitt framlegg? Har gruppa sett seg inn i dei motførestillingane som har kome? Har gruppa sett seg inn i og drøfta innhaldet i skriva frå Fylkesmannen? Kva meiner gruppa om rådmannen sitt framlegg? Vil gruppa at omstillinga skal gå vidare slik framlegget er? Kan gruppa stilla seg bak rådmannen si framstilling når han seier det har vore ein ryddig og skånsam prosess?
? Kan tolkast på ulike måtar
? Brevet frå Fylkesmannen kan tolkast på ulike måtar, seier ordførar Tove Linnea Brandvik.
Ho meiner difor at det langt frå er klart at Fylkesmannen meiner planane til rådmannen om organisering av barnehagane er feil.
Kommunen arbeider med å gjennomgå dette brevet, og rådmannen kjem til å ta ei avgjerd tidleg i neste veke, fortel ordføraren, som vil avventa og sjå kva administrasjonen kjem fram til.
Ho meiner at dersom politikarane skal blanda seg inn i rådmannen sin jobb, må det vera at han ikkje følgjer opp dei måla som politikarane har sett, ikkje korleis han organiserer sine tilsette.
? Men dersom kommunen driv i strid med lova, er det vel politikarane sitt ansvar?
? Fylkesmannen seier ikkje at planane er i strid med lovverket. Brevet seier noko om at det skal vera tilstrekkeleg administrative ressursar til å driva barnehagen forsvarleg, ikkje korleis arbeidet skal organiserast, seier Brandvik.

Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Lindås-Bør bør opplevast
Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.
Siste kortnytt
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]