Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

-Livsfarleg veg på Herland

Del | |
LINDÅS: Vegen er svært dårleg over Herland, og i lengre tid har det stått ei kjegle der vegkanten har sklidd ut. Leif B. Haukeland reagerer sterkt på at ein ikkje ser ut til å gjera noko med dette. Det er enno to år til tunnelen står klar.
Publisert 19.11.05 00:00
Endret 20.08.07 10:49

Herlandstunnelen skal stå klar på slutten av 2007. I mellomtida må ein klara seg med dagens veg over Herland, der vegen er i ferd med å gli ut på enkelte stader og der det er lange sprekker i vegdekket. På ein stad der grøftekanten har gjeve etter, har Vegvesenet sett opp ein markør. På denne vegen går det store mengder tungtransport, blant anna i gjennomsnitt rundt 20 tankbilar med drivstoff kvar dag heile året.

 

? Tek kaka

? Eg pendlar mellom Lindås og Kårstø. Det er mange skumle vegstrekningar, men området på Herland tek kaka. Vegen er livsfarleg, seier Leif B. Haukeland til Strilen.

Når ein møter ein stor bil, må ein svinga seg ut på kanten enten ein vil eller ei, fortel han. Det er ein fordel å kjenna til at vegkanten er svak, men det er det mange bilistar som ikkje veit dette.

? Dersom ein bil, trailer eller tankbil sklir utfor her, stoppar han ikkje før han ligg i elva, seier Haukeland. Han meiner at vegstrekninga må styrkjast og at det også må setjast opp rekkverk. Ein kan ikkje venta to år til tunnelen er klar før noko vert gjort.

 

? Ei statleg oppgåve

Haukeland meiner og at det er merkeleg at det lokale næringslivet og kommunen må forskottera delar av vegen her, når store delar av norsk oljeverksemd vert driven langs denne vegen. Han viser til at Stura, Kollsnes og Kårstø har doble køyrefelt til nærmaste by, utan at dei distribuerer produkta sine langs vegen. Frå Mongstad går det 20 tankbilar om dagen, i tillegg til mykje trailertransport til forsyningsbasen.

? Dette er ei soleklar statleg oppgåve. Berre i avgifter på bensin og diesel som vert frakta på denne vegstrekninga, tar staten inn enorme summar, seier Haukeland.

Han meiner dei då i alle fall må sikra vegen som desse store verdiane vert frakta på.

? Ein fokuserer veldig på sikringa når det gjeld transport sjøvegen. Men når det gjeld transporten langs vegen, aksepterer ein altså å senda bilane over ei såpass farleg vegstrekning som over Herland, seier pendlaren.

 

Har utvida vegen

? Vegkantane er svake på heile denne strekninga. Det er difor me har utvida vegen. Me skal halda vegen vedlike til den nye tunnelen står klar. Det er ein del av oppdraget vårt, seier Jarle Solibakke, kontraktsansvarleg for Vegvesenet i Nordhordland.

Han seier dei må gjera noko med området der vegkanten har gjeve etter, men kan ikkje seia noko om når det vil skje.

Holet der kjegla står skal ha vore der sidan førre vinter.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

    – Spesielt å stå på toppen

    – Spesielt å stå på toppen

    Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

      Lindås-Bør bør opplevast

      Lindås-Bør bør opplevast

      Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

        Hipp hipp hipp hurra!

        Hipp hipp hipp hurra!

        Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

          «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

          «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

          MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

            Meland veks fortast

            Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler