Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

13-12 FOR skytebane i Haukåsen i kommunestyret

Del | |
RADØY: Går det som fleirtal i kommunestyret vil, får Radøy Skyttarlag byggja ut skytebane i Haukåsen. Mange frammøtte motstandarar frå Sletta gjekk sinte og skuffa heim etter at det vart fleirtal 13-12 i avrøystinga tysdag kveld. Dersom ein eller fleire av grunneigarane klagar på vedtaket, må reguleringsplanen opp til ny behandling i kommunestyret.
Publisert 07.11.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Eg er sjokkert. Dette er ei total overkøyring av eigedomsretten, var kommentaren Strilen fekk frå grunneigar Olaf Mellingen like etter avrøystinga. Han var den einaste av grunneigarane som lytta til debatten, og den einaste som er busett på Sletta.

Slik gjekk avrøystinga
Ved avrøystinga var to grupper samla: Ap sine fem representantar og dei tre frå Høgre gjekk alle inn for framlegget til reguleringsplan, som i sin tur kan opna for oreigning dersom ikkje skyttarlaget kjem til semje med grunneigarane. Frå Frp gjekk Lena Bø Nilsen, Ruth Myking og Bodil Sjursen inn for avtalen, Ole Kristoffer Tveiten og Tore Hamre gjekk mot. I Senterpartiet som venta Ivar Soltveit den einaste for planen. I Venstre var Jan Tore Hvidsten for planen, Bjørg Murberg og Sølvi Merete Mangerøy mot.
? Det nytta ikkje å stola på det partia skriv i sine program om å verna eigedomsretten! kom det frå ein motstandar etter møtet. Han gjorde det klart at han retta kritikk mot Høgre og Frp sine representantar som støtta reguleringsplanen.

Klare frontar
I debatten viste frontane seg å vera like klare og kvasse som mellom skyttarlaget sine folk og motstandarane mot ei skytebane, som mange er redd vil øydeleggja eit mykje brukt turområde.
? Kvifor har prosessen vore så elendig frå skyttarlaget si side. Dei måtte jo lagt sin flid i å få ein god kontakt med grunneigarane, sa Grethe Lunde (KrF). Ho brukte krasse ord mot det ho såg som ei kritikkverdig saksbehandling. «Uheldige metodar frå folk i skytebaneutvalet for å få fram sitt syn. «Det var vanskeleg for enkelte å møta i utvalet på grunn av oppførselen til andre i utvalet» og «Utilbørleg behandling av grunneigarar«, var blant formuleringane Lunde brukte frå talarstolen. Ho kom også inn med eit ekstra innlegg der ho apellerte til dei som måtte vera i tvil om å gå mot planen.
Vararepresentant Berit Kvalvik (Ap) var blant dei som talte varmast for å godkjenna reguleringsplanen. Og ho gjekk sterkt til rette mot dei som kritiserte måte saka har utvikla seg på.

? Tenk på dei unge
? Påstandane om at saka er dårleg opplyst opprører meg. Dei som ville forstå saka. har forstått. Her har frontrane vore så harde at ein lett kunne las seg påverka den eine aller andre vegen av folk ein kjenner. Men me politikarar er kanskje nøydde til å ta ein del val som me ikkje har lyst å ta, sa Kvalvik.
Ho appellerte til dei som snakka varm om å gje fleire tilbod til unge og ungdom som er på skråplanet. Er me villige til å bretta opp på ermane og gjera noko for dei? Eg gjekk inn for skytebane sist og er gjer det no også, sa Berit Kvalvik.

«Stå på Olaf»
? Eg har ikkje for vane å koma med tips, var det einaste ordførar Olav Steinar Namtvedt (Sp) ville seia då Strilen etter møtet spurde om det kjem skytebane på Sletta. Som eit tilleggspunkt vedtok kommunestyret mot fem røyster at kommunen kan bidra med mekling dersom skyttarlaget og grunneigarane ikkje kjem fram til ein frivillig avtale.
? Eg ser det som heilt utelukka at det kjem skytebane i Haukåsen, var siste kommentaren Strilen fekk frå grunneigar Olaf Mellingen fekk før han reiste frå Smiths Pensjonat, der møtet vart halde. Rykte Strilen oppfanga blant folkevalde gjekk på at Mellingen som største grunneigarar har fått tilbod om 470.000 kroner for sin del av grunnen som trengst til skytebane.
? Dette er berre rykte, var det einaste Mellingen ville seia til dette.
«Stå på Olaf», var helsinga Mellingen fekk frå ein av motstandaren som hadde lytta til debatten.

Kan klaga
Fungerande rådmann Leif Taule seier onsdag at vedtaket kan klagast av ein eller fleire grunneigarar. I så fall vert det ny behandling i kommunestyret, og dermed ligg det an til ei ny jamn avrøysting der varafolk teoretisk kan vippa fleirtalet mot planen.
? I så fall vil eg tru at skyttarlaget kan klaga, men det formelle i dette kan eg ikkje uttala meg sikkert om. Men står fleirtalet fast på å godkjenna reguleringsplanen, går saka vidare til Fylkesmannen til endeleg avgjerd, seier Leif Taule.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

    – Spesielt å stå på toppen

    – Spesielt å stå på toppen

    Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

      Lindås-Bør bør opplevast

      Lindås-Bør bør opplevast

      Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

        Hipp hipp hipp hurra!

        Hipp hipp hipp hurra!

        Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

          «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

          «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

          MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

            Meland veks fortast

            Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler