Fire beltegebyr på Fedje

FEDJE: Fedjingane rakk nok ikkje å varsla kvarandre fort nok tysdag då politiet kom med ferja.

[22.02.12 15:38]

Fekk dårleg samvit

KNARVIK: Ein bilførar melde seg til politiet natt til laurdag og sa han hadde vore borti ein parkert bil utanfor Rema 1000 i Knarvik tidlegare på kvelden.

[22.02.12 15:38]

Fyrverkeri på bensinstasjonen

ALVERSUND: Nokre ungdomar i ein bil fyrte søndag kveld opp fyrverkeri like ved pumpene på bensinstasjonen i Alversund.

[21.02.12 10:22]
Brukernavn 
Passord 
130 let seg inspirera

130 let seg inspirera

SEIM: Austrheimingane Geir, Øyvind og Terje veit kor høygaffelen skal stå, men er alltid opne for nye idear.

Publisert 14.01.12 15:29
Endret 14.01.12 16:23

Dei tre karane var blant heile 130 inspirasjonssugne og nysgjerrige gründerar som ikkje let sjansen gå frå seg då Team Nordhordland med samarbeidspartnarar torsdag inviterte til inspirasjonskonferanse i Strilatun.

– Flott og inspirerande tiltak, stadfestar Geir Kjeilen, Øyvind Ullestad og Terje Sætre.

 
«Jo meire dei er saman….»
Terje Sætre har teke eitt års permisjon frå jobben som automatikkingeniør og er for tida bonde på heiltid.

Saman med hobbybonde Øyvind Ullestad driv han organisert beitebruk i Austrheim med angus-oksar og villsauer som reiskap.

– Eg har kasmirgeit òg, men dei ryddar helst hjå naboen, ler Sætre.

Geir Kjeilen er ein av berre 80 termografar i landet, og deltok på seminaret blant anna for å få idear til korleis han kan gjera det til business.

– Kanskje me kan byta tenester. Du kan måla temperaturen hjå meg, og så får eg litt kjøt hjå deg, ler dei tre og konkluderer med at pengar er oppskrytt.

 
Fann «eggedamo»
Også i Meland har fleire oppdaga at ein står sterkare saman.

Der har Kårbø-gründer og kokk Jan Atle Tvedt og «eggedamo» på Husebø, Kelly Thunold funne kvarandre.

– Det er veldig kjekt å ha nokon i nærleiken å samarbeida med, synest dei.

Tvedt har 1000 idear til utvikling av Kårbø-bygda gjennom «Livoglyst»-prosjektet og deltok på konferansen blant anna for å finna rette sporet, som han uttrykkjer det. 

Thunold driv med eggeproduksjon og vil blant anna tilby overnatting i våningshuset.

 
Operafjøs og spenstig arkitektur
Til å inspirera hadde arrangørane fått tak i blant andre Steinar Sørli.

Han driv Åmot operagard på Bygstad innerst i Dalsfjorden i Sunnfjord i Sogn- og Fjordane.

Med eigen gardsscene i løa og servering av sjampanje i grisefloren, vart garden av CNN i fjor kåra til eit av dei mest eksotiske reisemåla i Skandinavia for sitt kulturtilbod i særklasse.

Torild Langklopp frå Stokkøya Sjøsenter på Hosnasand i Midt-Norge fortalte korleis ein kan gjera ein campingplass til eit attraktivt reisemål gjennom bruk av spenstig arkitektur.

– Dei var heilt fantastiske og utruleg inspirerande å høyra på, syntest eggedamo frå Meland.
 
Elskar å vera mjølkebonde
Dagens lokale inspirator, var Frøydis Haugen som slo eit slag for mjølkebonden.

Den 33 år gamle byjenta og trebarnsmora fortalte kvifor ho valte å flytta frå ein tomannsbustad på Osterøy for å busetja seg på ein gard på Lindås ho og mannen kjøpte på den opne marknaden.

– Det handlar ikkje om pengar, men livskvalitet, understreka ho.
 
Verdas viktigaste jobb
Ho meiner me har ansvar for eigen matproduksjon og for å skjøtta landbruksareala våre slik at dei kan bera avling i åra framover.

Sjølv om ho vil forbehalda seg retten til å berre driva med rein mjølkeproduksjon, har ho ingenting imot tilleggsnæringane som mange driv.

– Det er også ein viktig del av landbruket.

Det er bygdeutvikling og «lys i vindaugo» i praksis, men volumproduksjon av kjøt og mjølk er og blir grunnlaget for det landbruket me må ta vare på, sa ho.

For dei som kan tenkt seg eit gardsbesøk, men ikkje vil ha fjøslukt i håret, kan ein lesa meir om livet på garden til Frøydis på bloggen kuprat.origo.no.
 
Den nye bygda
Eli J. Fosso frå landbrukskontoret hjå fylkesmannen gjorde det klart at bygdene ikkje er som dei ein gong var. Ikkje dei som bur der heller.

Og det kan vera greitt å ha klart føre seg når ein vil skapa levande bygder, meinte ho.

Heller ikkje dei som har odel på gardane er som før.

Berre tjue prosent av desse ønskjer nemleg å ta landbruksutdanning, medan seksti prosent ikkje har nokon planar.

Og jo yngre dei er, dess meir skeptiske er dei til å nytta odelen sin, og jentene er mest skeptiske, fortalde ho.

– Dette betyr at rekrutteringsgrunnlaget for landbruksskulane er størst i landbruk- og bygdeinteressert ungdom utan odel, sa Fosso.
 
Ulike motiv
Ho peika også på at kvinner og menn ofte har ulike motiv for å overta eit gardsbruk.

Medan kvinnene er meir opptekne av livskvalitet, ønskjer mennene tradisjonell mat- eller mjølkeproduksjon.

– Og vil kvinnene produsera mat, vil dei helst gjera det økologisk, sa ho.

Ho understreka at å skapa levande bygder ikkje berre går på entreprenørskap og økonomisk gevinst, men på nyskaping generelt der alle deltek.

Difor er ho ikkje særleg begeistra for landbruks-og matpolitikken i Stortingsmelding 9 (2011-2012) som ho meiner fokuserer altfor mykje på næring.
 
Bryt ut og overrask!
Dagleg leiar Nordhordland Utviklingsselskap, Elin Folgerø Styve, har stor tru på å marknadsføra oss som ein region.

Men då kan me for eksempel ikkje fortsetja med same kommunestruktur som vart bygd opp etter ruta for dei gamle fjordabåtane, 40-50 år etter at dei slutta å gå.

– Me må laga ei pakke av alt me har å by på, uavhengig av kommunegrenser, og framfor alt by på oss sjølve.

Me må møta omverda med nysgjerrigheit og omfamna det framande.

Først når me klarer å motbevisa at me er provinsielle og oss sjølve nok, er me interessante.

Og for å klara det, må me ikkje bry oss om kva folk tenkjer om oss og forventar av oss, men bryta ut or gamle mønster og overraska både oss sjølve og andre, oppmoda Folgerø Styve.

------------------------------

Om konferansen:

• Konferansen er eit samarbeid mellom Team Nordhordland, Felles landbrukskontor for Austrheim, Fedje og Radøy, og Regionrådet Nordhordland.
• Konferansen, som ein håpar skal bli ein tradisjon, skal vera med på å inspirera til trivsel, næringsutvikling og skapelyst.
• Målgruppa er nyskaparar, bønder, unge som vil inn i landbruket, næringsutviklarar, politikarar, administrativt tilsette i kommunane og reisemålsutviklarar i Nordhordland.
• Av dei 130 som var på konferansen, var kvinner og menn representerte halvt om halvt.


 
 

Den økologiske frukt- og grøntbonden Helge Husebø frå Meland, fekk skikkeleg sans for Leto-dama Elin Gaulen og Heilt Originalt-damo Elisabeth Tonheim. Den økologiske frukt- og grøntbonden Helge Husebø frå Meland, fekk skikkeleg sans for Leto-dama Elin Gaulen og Heilt Originalt-damo Elisabeth Tonheim.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Westland satsar stort

Westland satsar stort

Fornyar og utvidar hotellet fram mot 2018.

    Eit steg vidare for «Gullvegen»

    Eit steg vidare for «Gullvegen»

    Alliansen bak Sambandet Vest imøteser god støtte frå fylkestinget, som skal uttala seg om Regional Transportplan til sommaren.

      Blant Hareides topp tre

      Blant Hareides topp tre

      Knut Arild Hareide er imponert og stolt over kor mange KrF-arar Nordhordland har i den politiske leiinga.

        Godt føre i BKK-rennet

        Godt føre i BKK-rennet

        Andreas Nergård og Claus Sellevoll gjorde det bra på Bulken.

          Frå sofasyklist til sprek sykkelavisredaktør

          Frå sofasyklist til sprek sykkelavisredaktør

          LINDÅS: Som småfeit reklamemann på 50+ utan jobb, tok Karstein Vabø pedalane og pc-en fatt og skapte seg sin eigen arbeidsplass.

            Kjørte på land i fylla

            LINDÅS: Ein berusa båtførar kjørte i halvellevtida laurdag kveld på land med eit brak i Vallevika ved Seim. Mannen vart utruleg nok ikkje skadd.

              Siste kortnytt

              Mest lest

              Eldre artikler